Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Tryggingspolitikk i Sør-Kaukasus

Korleis navigerer landa i Sør-Kaukasus mellom stormaktsnaboane sine? Kva moglegheiter og avgrensingar har EU for å øve innverknad i regionen? Og kva interesser har Russland?
08 november 2020
10:00 Europe/Oslo
Språk: Nordisk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • EU
  • Nordisk
  • Seminar
  • Digital

Forskingsplattforma Russia and the Caucasus Regional Research (RUCARR) ved Malmø Universitet, tidsskriftet Nordisk Østforum og NUPI inviterer til dette webinaret om tryggingspolitikk i Sør-Kaukasus. Sjå opptaket av webinaret her:

Sør-Kaukasus blir ofte rekna som ei potensiell kruttønne. Regionen inkluderer tre statar (Armenia, Aserbajdsjan og Georgia), men også tre ikkje-anerkjende utbrytarstatar (Abkhasia, Nagorno-Karabakh og Sør-Ossetia). Blant eksterne aktørar speler Russland og EU, og dessutan Tyrkia, ei viktig rolle, illustrert av kampane dei siste vekene i og rundt Nagorno-Karabakh.

Dette regionale tryggingskomplekset er tema for seminaret. Paneldeltakarar frå FOI, Malmø universitet og Uppsala universitet vil dele kunnskapen sin om Kremls interesser i Kaukasus, EUs potensial for innverknad og den vanskelege geopolitiske balansegangen som lokale aktørar står ovanfor. Seminaret vil gå føre seg på svensk.

Seminaret er støtta av Tidsskriftforeningen / Fritt Ord og er basert på ein temaseksjon publisert i tidsskriftet Nordisk Østforum i september i år.

Program:

10.00-10.05: Moderator, gjesteredaktør Christofer Berglund, RUCARR, ønskjer velkommen

10.05-10.35: Paneldeltakarane innleier

10.35-11.00: Diskusjon og spørsmål frå publikum

Paneldeltakarar:

Jakob Hedenskog jobbar ved eininga for tryggingspolitikk, Totalförsvarets forskningsinstitut (FOI). Han fokuserer seg på russisk utanrikspolitikk og landa i Russlands nærområde.

Michel Anderlini er doktorgradsstudent ved Institutionen för globala politiska studiar, Malmö Universitet. Hans avhandling handlar om forholdet mellom EU og Georgia.

Per Ekman er doktorgradsstudent ved Statsvetenskapliga institutionen, Uppsala universitet. Hans avhandling fokuserer på Ukrainas og Georgias utanrikspolitiske strategiar.

Li Bennich-Björkman er Johan Skytte professor i statsvitskap, Uppsala universitet. Ho leier for tida eit forskingsrådsfinansiert prosjekt om tryggingspolitiske oppfatningar i Sør-Kaukasus.

Deltakere

Jakob Hedenskog
Enheten for sikkerhetspolitikk, Totalförsvarets forskningsinstitut (FOI)
Michel Anderlini
Doktorgradsstudent, Institutionen för globala politiska studier, Malmö Universitet
Per Ekman
Doktorgradsstudent, Statsvetenskapliga institutionen, Uppsala Universitet
Li Bennich-Björkman
Johan Skytte professor i statsvitenskap, Uppsala universitet

Møteleder

Christofer Berglund
RUCARR, Malmø Universitet
08 november 2020
10:00 Europe/Oslo
Språk: Nordisk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • EU
  • Nordisk
  • Seminar
  • Digital