Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Terrorisme og polarisering i Frankrike: Trusselen, retorikken og politikken

Sidan 2015 har over 250 menneske blitt drepne i jihadistiske terrorangrep i Frankrike. Kvifor er Frankrike så utsett for terrorisme, og kva effekt har terroren på det franske samfunnet og fransk politikk?
25 november 2020
09:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Konflikt
  • Seminar
  • Digital
  • Engelsk

Det bestialske drapet på læraren Samuel Paty sjokkerte Europa og sette atter ein gong terrorisme og kontraterrorisme høgt på dagsordenen. Den siste bølgja av terrorangrep illustrerer at trusselen frå valdelege ekstremistar er reell og svært utfordrande å handtere, og i mange land har angrepa utløyst diskusjonar omkring grunnleggjande spørsmål knytt til ytringsfridom, religionsfridom, sekularisme og samfunnstryggleik generelt. Drapet på Paty har også gitt næring til den såkalla karikaturstriden som blussa opp igjen i samband med Charlie Hebdo-rettsaken og magasinets republisering av fleire karikaturteikningar.

Gjekk du glipp av dette webinaret? Sjå det her:

I Frankrike har president Emmanuel Macron lansert fleire forslag meint å styrkje fransk sekularisme ytterlegare og dermed stagge den han kallar «islamsk separatisme». Initiativa er del av større og høglydt debatt omkring plassen til religionen i det sekulære Frankrike. Macron har også tatt til orde for endå tettare antiterrorsamarbeid internt i EU.

Kva kjenneteiknar terrortrusselen i Frankrike? Korleis reagerer det franske ytret høgre på spenningane i samfunnet? Og korleis blir utfordringane tolka, framstilt og handtert av franske styresmakter?

For å klargjere dei ulike aspekta ved den spente situasjonen i Frankrike har Konsortiet for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet, i samarbeid med TERRA-prosjektet ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og NUPIs Europa-seminarserie, invitert Petter Nesser, Pietro Gattinara og Pernille Rieker.

PROGRAM

09.30 Opning av webinaret

Seniorforskar ved NUPI Kjetil Selvik leier seminaret og spørsmålsrunden etter innlegga.

09.32 -10.30: Deltakarane held innlegga sine:

Petter Nesser frå FFI vil gi eit bilete av terrortrusselen i Frankrike, korleis han må sjåast i europeisk og internasjonal samanheng, og korleis spenning mellom sekularismen og radikal islam speler ei rolle i propaganda og rekruttering. Nessar er seniorforskar ved TERRA-prosjektet på FFI og er blant Europas fremste ekspertar på jihadistiske nettverk i Vesten. Han har blant anna skrive boka Islamist Terrorism in Europe: a History (Oxford University Press, 2015), og har i tillegg forfatta ei rekkje artiklar som omhandlar jihadisme og framandkrigarproblematikk.

Pietro Gattinara frå Senter for ekstremismeforsking (C-REX) på UiO vil klargjere responsen frå aktørane på ytre høgre i Frankrike, og korleis dei tar omsyn til kjernespørsmål omkring ytringsfridom, sekularisme og den såkalla «separatismen». Gattinara er postdoktor ved C-REX, og forskar m.a. på komparative studiar av protestrørsler og politikk, med fokus på spørsmål rundt migrasjon og ytre høgre. Han har publisert fleire bøker om denne tematikken, inkludert The politics of migration in Italy (Routledge, 2016) og CasaPound Italia: Contemporary Extreme Right Politics (Routledge, 2020).

NUPIs Pernille Rieker vil gi eit oppdatert bilete av fransk kontraterrorpolitikk, og sjå på korleis ho har forandra seg under Macron, og deretter drøfte kvifor den franske sekularismen (la laïcité) er ein så fundamental del av samfunnet. Pernille Rieker er seniorforskar på NUPI. Hennar forskingsinteresser er europeisk integrasjon og EUs, fransk, norsk og dei andre nordiske lands utanriks- og tryggingspolitikk. Rieker har skrive fleire bøker om tematikken, blant anna French Foreign Policy in a Changing World. Practising Grandeur (Palgrave, 2017), og External governance as security community building – the limits and potential of the European Neighbourhood Policy (Routledge 2016).

10.30-11.00: Spørsmålsrunde og diskusjon

Hovedtalere

Petter Nesser
Seniorforsker ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI)
Pernille Rieker
Forsker I
Pietro Gattinara
Postdoktor, Senter for ekstremismeforskning (C-REX)
Kjetil Selvik
Tidligere ansatt
25 november 2020
09:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Microsoft Teams
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Konflikt
  • Seminar
  • Digital
  • Engelsk