Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Frukostseminar: Vi må snakke om Putin

Kva veit vi eigentleg om ein av dei mektigaste mennene i verda etter to tiår ved makta i Russland?
21 januar 2020
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Russland og Eurasia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Dette seminaret har funne stad, men du kan sjå det på NUPIs YouTube-kanal, eller høyre det som podkast:


Vi serverer frukost frå 08.30!

Putin har no vore ved makta i 20 år, men kor mykje har vi eigentleg lært om han? Kvifor har det blitt bygd ein mytologi rundt han, og kvifor verkar det som at så mange i Vesten ønskjer å tru på denne mytologien?

22. januar besøkjer Mark Galeotti NUPI. Han har i mange år studerte Russland, og har no gitt ut den kritikarroste boka We Need To Talk About Putin. Saman med seniorforskar Julie Wilhelmsen skal Galeotti snakke om mannen og myten Putin, korleis ein kan klare å skilje dei to, og kvifor nettopp det er viktig for politikken vi fører overfor Russland.

I det første kapittelet av boka skriv Galeotti:

 

“We need to talk about Putin. We really do. Nót just because he is, like it or nót, one of the most important people on the plana, and nor because of the impact of the geopolitical struggle he is waging with the West, with bluster and bluff, memes and money. It is also because he blir hatt become a global symbol, which everyone defines in their own way. […] he is like a Rorschach inkblot test used by psychologists: the splash of pigment is deliberately ambiguous; what we read into it says more about what is going on in our heads than what is on the paper.”

Professor Mark Galeotti skriv og foreles om transnasjonal kriminalitet og russisk tryggleik. Han er æresprofessor ved UCL School of Slavonic and East European Studies og Senior Associate Fellow ved Royal United Services Institute. I tillegg er han Senior Non-resident Fellow ved Institute of International Relations Prague, der han også tidlegare har leidd Center for European Security. Galeotti har spesialisert seg på moderne russisk historie og tryggleik, og transnasjonal og organisert kriminalitet.

Julie Wilhelmsen er seniorforskar på NUPI. Ho har doktorgrad i statsvitskap og arbeider med russisk utanriks- og tryggingspolitikk, radikalisering av islam i Eurasia og kritiske tryggingsstudiar.

Deltakere

Mark Galeotti
Æresprofessor ved UCL School of Slavonic and East European Studies og Senior Associate Fellow ved Royal United Services Institute
Julie Wilhelmsen
Forsker 1
21 januar 2020
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Russland og Eurasia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt