Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

EUs rolle i ei meir ustabil verd

Det er ulike syn på kva rolle EU bør spele i internasjonal politikk. Korleis ser 2020 for unionen, og kva rolle ønskjer ho å ha i tida som kjem?
05 februar 2020
08:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Dei siste åra har EU tatt ei rekkje ulike avgjerder som samla sett byrjar å sjå ut som ein forsiktig reorientering i internasjonal politikk. Omgrep som strategisk autonomi og «principled pragmatism» blir hyppig refererte til. Denne tilnærminga er ikkje like populær hos alle medlemsstatar, og ho har heller ikkje blitt ein integrert del av alle av EUs politikkområde. Viss implikasjonane av dette ikkje er nøye tenkt gjennom og om reporienteringen stansar her, risikerer både EU og medlemsstatane å ende opp i ein permanent ambivalent situasjon: meir enn ein løpargut for USA, men samtidig ikkje ei uavhengig makt. Er 2020 året der EU og medlemsstatane får mot til å fullføre nokon av dei initiativa som allereie er tatte?

Dette er tema når Sven Biscop besøkjer NUPI 6. februar. Han er direktør for Europe in the World-programmet ved Egmont – Royal Institute for International Relations i Brussel, og han er professor på Ghent Institute for International Studies (GIIS) ved Ghent University. Biscops forsking og undervisning fokuserer på strategiane til EU, NATO og medlemsstatane deira.

Arrangementet er ein del av seminarserien Noreg møter Europa og blir leidd av NUPI-forskar Pernille Rieker.

Seminaret vil bli strøymt på NUPIs YouTube-kanal:

Hovedtaler

Sven Biscop
Direktør for Europe in the World-programmet ved Egmont – Royal Institute for International Relations i Brussel, og professor på Ghent Institute for International Studies (GIIS) ved Ghent University
05 februar 2020
08:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Europa
  • EU
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt