Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Europeiseringa av Georgia og EUs austlege partnarskap: interne og eksterne aktørars tilnærming

Korleis ser georgiarane sjølv, Russland og resten av Europa på Georgias ønske om å utvikle tettare band med EU og NATO?
11 oktober 2020
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • NATO
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • EU
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk



Georgias mål om å utvikle tettare band med EU og NATO påverkar utanriks- og tryggingspolitikken i landet. Det fordjupa samarbeidet med EU er forventa å representere eit symbolsk gjennombrot for europeiseringsplanane til Georgia, Ukraina og Moldova. Dei tre er alle land som er i ferd med å opne eit nytt kapittel av intern omstilling drive fram av ei kjensle av «irreversibel europeisering» i store delar av befolkninga.

Ti år etter lanseringa av EUs austlege partnarskap forventar partnarskapslanda å dra nytte av europeisk bistand og overvaking, demokratisk kondisjonalitet, kunnskapsoverføring, frihandel og utanlandsk investeringar. Viss denne prosessen lykkast, kan han bli svært viktig for den vidare utviklinga i regionen.

På dette rundebordet vil ekspertar diskutere utfordringane som følgjer med ei vidare europeisering av EUs austlege partnarskapsland: korleis prosessen blir oppfatta lokalt i landa sjølv, korleis Russland oppfattar det, og korleis dette sest på frå resten av Europa.

Webinaret er ein del av GEOPATH-prosjektet.

PROGRAM:

10.00-10.10 – Velkommen ved:

Prof. Tamar Dolbaia, Dean, Faculty of Social and Political Sciences, Ivane Javakhishvili Tbilisi State University (TBC)

Prof. Kornely Kakachia, Department of Political Science, Ivane Javakhishvili Tbilisi State University

10.10-10.40 – Rundeborddiskusjon:

Dr. Ketevan Bolkvadze, Lund University

Dr. Julie Wilhelmsen, NUPI

Prof. Kornely Kakachia, Georgian Institute of Politics, TSU

Ordstyrar: Dr. Helge Blakkisrud, NUPI, Oslo, Norway

10.40-11.00 – Q&A

11 oktober 2020
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • NATO
  • Europa
  • Russland og Eurasia
  • EU
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk