Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Eit styrkt havrelatert samarbeid mellom Noreg og Kina

Kva moglegheiter gir havet oss? Og kva utfordringar står havet i verda overfor? Dette webinaret presenterer rapporten “Building a Sustainable Ocean Economy for ” China” som ser nærare på korleis Kina og Noreg kan samarbeide om havrelaterte tema.
02 november 2020
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Arktis
  • Hav
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

NUPI og Utanriksdepartementet ønskjer velkommen til dette webinaret der leiande ekspertar og aktørar innan handel, akademia og styresmakter skal diskutere styrking av havrelatert samarbeid med Kina.

Rapporten “Global Ocean Governance and Ecological Civilization: Building a Sustainable Ocean Economy for China” blei lansert av China Council for International Cooperation on Environment and Development 17. september i år. Den skal bidra til å setje retninga for framtidig kinesisk havpolitikk.

Gjekk du glipp av dette webinaret? Sjå det live på YouTube-kanalen vår:



 Rapporten blir presentert av hovudforfattarane Jilan Su, Honorary President of the Second Institute of Oceanology, Ministry of Natural Resources og Jan-Gunnar Winther, Fagdirektør ved Norsk polarinstitutt. Deretter vil det bli ein paneldiskusjon med fleire ekspertar. Harald Solberg, adm. direktør for Rederiforbundet, og Hanne-Grete Nilsen, som er leiar for Faglig forum for norske havområde og koordinator for havforvaltningsarbeidet i Miljødirektoratet, deltar her. Under paneldiskusjonen skal det blant anna diskuterast korleis ein kan styrkje havrelatert samarbeid mellom Kina og Noreg – ein ambisjon som blei nemnd under det seinaste besøket til den kinesiske utanriksministeren til Noreg. Det vil også bli ei avslutning ved den kinesiske ambassadøren til Noreg, Xianliang Yi.

Webinaret blir leidd av NUPI-direktør Ulf Sverdrup.

Program:

Start kl. 12.00, varigheit ca 1t 15min

 

Velkommen, Ulf Sverdrup, NUPI

Opningsinnlegg, Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Presentasjon av rapporten “Global Ocean Governance and Ecological Civilization: Building a Sustainable Ocean Economy for China”, professor Jilan Su, Second Institute of Oceanology, Ministry of Natural Resources

Innlegg ved medforfattar Jan-Gunnar Winther, Norsk polarinstitutt

Innlegg ved Harald Solberg, Rederiforbundet

Innlegg ved Hanne-Grete Nilsen, Miljødirektoratet

Dialog mellom innleiarane og spørsmål og svar

Avslutningskommentar ved Xianliang Yi, den kinesiske ambassadøren til Noreg

Deltakere

Jan-Gunnar Winther
Specialist Director Norwegian Polar Institute
Jilan Su
Professor at Chinese Academy of Sciences; Honorary Director of The Second Institute of Oceanography
Xianliang Yi
Ambassador of the People's Republic of China in the Kingdom of Norway
Harald Solberg
Rederiforbundet
Hanne-Grete Nilsen
Miljødirektoratet

Møteleder

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
02 november 2020
12:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Webinar
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Arktis
  • Hav
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt