Arrangement
AVLYST: Norsk utanrikspolitisk konferanse
NUPI har dei siste vekene følgt situasjonen nøye og gradvis innført tiltak for å verne eigne tilsette og gjester, og for å bidra til å minske spreiinga av viruset i samfunnet. I dette arbeidet følgjer vi råda frå Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og UD.
Sjølv om konferansen blir avlyst i år, tar vi sikte på å gjennomføre som normalt i 2021. I tillegg vil vi den 19. mars i år offentleggjere ein konferansepublikasjon med bidrag frå alle forskarane som skulle delta på konferansen, og foredraga deira blir lagt ut som videoar.
///
Kva for nokre utanrikspolitiske utfordringar står Noreg overfor? Svarer utanrikspolitikken vår på desse utfordringane? Og korleis burde vi eventuelt ha gjort ting annleis?
Dette er kjernespørsmål som vi jobbar med på NUPI, og desse vil prege norsk utanrikspolitisk konferanse i mars 2020. NUPI inviterer då til det første av eit nytt årleg arrangement. Vi skal lage ein konferanse som løftar fram politikken i utanriksdebatten, og som gjennom presentasjon av god forsking og analyse bidrar til å kaste lys over utfordringar vi står overfor. Konferansen skal fremje ein brei debatt om norske svar på desse utfordringane, og han skal bidra med innspel til denne diskusjonen.
PROGRAM
08.00 - 08.30: Registrering
08.30 - 08.35: Opning | Ulf Sverdrup, direktør, NUPI
08.35 - 08.55: Utanriksministeren gjer greie for sentrale tema i norsk tryggleiks- og utanrikspolitikk | Utanriksminister Ine Eriksen Søreide
08.55 - 09.15: Samtale | Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og NUPI-direktør Ulf Sverdrup
09.15 - 09.30: Q&A
09.30 - 09.45: Kaffipause
09.45 - 10.30: Sju perspektiv på tryggingspolitiske utfordringar for Noreg | Ordstyrar: TBD
Henrik S. Hiim, seniorforskar, NUPI
Minda Holm, forskar, NUPI
Erik Reichborn-Kjennerud, forskar, NUPI
Hilde Restad, førsteamanuensis, Bjørknes høgskule
Andreas Østhagen, seniorforskar, Fridtjof Nansens Institutt (FNI) og Nordområdesenteret ved Nord universitet
Kari Osland, seniorforskar NUPI
Marianne Riddervold, forskar 1 ved NUPI og professor ved Høgskolen i Innlandet
10.30 - 10.45: Kaffipause
10.45 - 11.45: Globale tryggingsutfordringar sett frå Europa | Samtale mellom Caroline de Gruyter (NRC Handelsblad/Carnegie) og Richard Gowan (International Crisis Group). Ordstyrar: Ole Jacob Sending, forskingssjef, NUPI.
11.45 - 12.15: Lunsj
12.15 - 13.15: Utanrikspolitisk paneldebatt | Ordstyrar: Tove Gravdal, journalist og forfattar
Audun Lysbakken (SV)
Espen Barth Eide (Ap)
Christian Tybring-Gjedde (Frp)
Vetle Wang Soleim (H)
Ola Elvestuen (V)
13.15 - 13.30: Avslutning