Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Styring av havet i ei tid med store globale endringar

Korleis kan vi sikre at hava blir styrte på ein sikker og berekraftig måte? Korleis kan kyststatar som Noreg bruke hava for å auke den økonomiske veksten sin? Velkommen til seminar og lansering av NUPIs nye senter for forsking på havpolitikk.
17 juni 2019
08:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Internasjonale investeringer
  • Klima
  • Hav
  • Engelsk

I slutten av månaden skal G20 – som representerer dei største økonomiane i verda – møtest i Japan. Alderdom, økonomisk vekst, berekraftsmåla og global orden i ei turbulent tid er på dagsordenen. Til så lenge består G20 hovudsakleg av kyststatar, og mange av dei ser til havet for utvida økonomisk vekst. Marin biodiversitet og reduksjon av plastforureining i havet er allereie ein G20-prioritet.

Kva meir kan dei rikaste statane i verda gjere for å promotere god styring av havet? NUPI har saman med kollegaer frå andre institutt skrive ein artikkel om dette for T20-prosessen, som eit forskingsbidrag til G20-møtet.

Hava er no er prioritet på den globale politiske dagsordenen, og fleire styringsinitiativ er på veg. Dei inviterte deltakarane på dette seminaret bidrar til å utvide diskusjonen til å inkludere høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi, FNs Global Compact og norsk utanrikspolitikk. På kva område er det eit behov for diskusjon for å sikre ei berekraftig styring av hava? Kva kan Noreg – eit land som styrer havområde som er sju gonger større enn fastlandet – gjere for å forme og leie styringa av havet?

Dette seminaret er også ei lansering av NUPIs Senter for forsking på havpolitikk, og samlar ekspertar frå forsking, styresmakter og privat sektor. NUPI-direktør Ulf Sverdrup leier seminaret.

Deltakarar:

Elana Wilson Rowe, professor, NUPI: G20 perspectives/findings from the T20 paper

Unni Kløvstad, spesialrådgivar, Utanriksdepartementet: Norway's global role in promoting a healthy and wealthy ocean through sustainable ocean management and protection of marine ecosystems

Alf Håkon Hoel, professor, Universitetet i Tromsø: Key messages from the science community regarding the oceans

Sturla Henriksen, spesialrågiver for hav, FNs Global Compact: Private sector capacity and initiative for good global governance

Shirley Ong, seniorrådgivar ved Canadian International Arctic Centre, vil gi ein kommentar til presentasjonane.

Seminaret blir avslutta med ein paneldiskusjon og spørsmål frå salen.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Elana Wilson Rowe
Forsker I
Unni Kløvstad
Spesialrådgiver, Utenriksdepartementet
Alf Håkon Hoel
Professor i havrett og -politikk, Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet
Sturla Henriksen
Spesialrågiver for hav, FNs Global Compact
Shirley Ong
Seniorrådgiver, Canadian International Arctic Centre

Ordstyrer

Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
17 juni 2019
08:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Økonomisk vekst
  • Handel
  • Internasjonale investeringer
  • Klima
  • Hav
  • Engelsk