Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Stengde grenser, nye kriser

Har EUs kriserespons i Midtausten og Sahel under flyktningkrisa vore suksessfull eller har den fungert mot hensikta si? Velkommen til Brussel og til seminaret som markerer slutten av prosjektet EUNPACK.
19 mars 2019
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Norway House, Rue Archimède 17, 1000 Brussel
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Humanitære spørsmål
  • EU
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Sjå liveoverføringa av arrangementet på NUPIs YouTube-kanal her.

Registrer deg til arrangementet her.

Sommaren 2015 var eit vendepunkt i EUs historie. Den massive tilstrøyminga av migrantar representerte ikkje berre ei global flyktningkrise, men ei enorm utfordring for Europa. EU var ikkje i stand til å respondere. Sidan den gong har den politiske debatten om migrasjon i Europa vore polariserande, oppheta – til og med farleg. Det har følgjeleg vore svært vanskeleg å finne ei felles løysing på problemet for europeiske avgjerdstakarar. Dette har gradvis ført til at EU har fått ei hardare tilnærming, blant anna gjennom å styrkje grensekontrollen og kystvakta.

Som resultat har ein sett ein nedgang i talet på komne. Dette sjølv om 68,5 millionar menneske var fordrivne i 2018, ein auke på nærare 3 millionar sidan 2017. Eit stort problem i denne samanhengen er at det å stengje grensene kan tvinge menneske til å søkje flukt i svake eller sårbare statar, og dermed auke presset på system som allereie slit med å halde seg oppe. Dette kan også potensielt føre til meir konflikt, radikalisering, og dermed også flyktningar.

Det blir no argumentert for at vi må anerkjenne at den pågåande flyktning- og migrasjonskrisa verken er eit lokalt eller eit europeisk problem – det er globalt. Det å byggje ein festning rundt Europa er kanskje ein nødvendig, kortsiktig løysing. Ei langvarig løysing treng midlartid ei anna tilnærming. På dette arrangementet skal fleire ekspertar på feltet diskutere EUs kriserespons i dei landa i Midtausten og Sahel der migrantar og flyktningar kjem frå eller stoppar på vegen – hjelper han, eller verkar han mot hensikta si? Arrangementet er organisert av EUNPACK og er del av sluttkonferansen for prosjektet som finn stad på CEPS 18-19 mars 2019 i Brussel.

Morten Bøås er forskar 1 på NUPI og jobbar i hovudsak med tema knytt til fred og konflikt i Afrika, inkludert problemstillingar som landsrettar og statsborgarskapskonfliktar, ungdom, eks-stridande og det nye landskapet som teiknar seg med omsyn til opprør og geopolitikk.

Roger Mac Ginty er professor i freds- og konfliktstudium ved Humanitarien and Conflict Response Institute, og ved Department of Politics på University of Manchester. Han har forska på fredsprosessar, politisk vald og lokale responsar til internasjonale intervensjonar for fredsstøtte.

Sandra Pogodda underviser i freds- og konfliktstudium ved Department of Politics på University of Manchester. Ho forskar på statsdanningsprosessar i revolusjonære samfunn i den arabiske regionen, motstandsrørsler, revolusjonære utfordringar for freds- og konfliktstudiar, og kritiske utviklingsstudiar.

Luca Raineri er forskar ved International Relations and Security Studies på Sant'Anna School of Advanced Studies of Pisa i Italia. Han er også medlem av Research School on Peace and Conflict of Oslo. Han forskar hovudsakleg på ekstralegal økonomi (narkotika, våpen- og menneskesmugling, og menneskehandel), og tryggleik og utvikling i Afrika.

Edouard Rodier er direktør for Flyktninghjelpen regionskontor i Europa. Han har lang erfaring frå det humanitære feltet, blant anna gjennom EUs humanitære respons i Syria, Leger utan grenser og Røde Kors.

Ordstyrar for arrangementet er leiar for forskingsgruppa for fred, konflikt og utvikling på NUPI, seniorforskar Kari M. Osland.

Deltakere

Morten Bøås
Forsker I
Roger Mac Ginty
Professor of Peace and Conflict Studies, University of Manchester
Sandra Pogodda
Lecturer in Peace and Conflict Studies, University of Manchester
Luca Raineri
Research Fellow in International Relations and Security Studies, Sant'Anna School of Advanced Studies of Pisa
Edouard Rodier
Director, Norwegian Refugee Council Europe - Brussels

Relaterte prosjekter

En representant fra EUs sivil beskyttelse program står foran et fly som skal brukes til å slukke skogbrann
Research Project
2015 - 2019 (Avsluttet)

Good intentions, mixed results – A conflict sensitive unpacking of the EU comprehensive approach to conflict and crisis mechanisms (EUNPACK)

The EUNPACK project unpacks EU crisis response mechanisms, with the aim to increase their conflict sensitivity and efficiency....

  • Sikkerhetspolitikk
  • Europa
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Afrika
  • Asia
  • Konflikt
  • EU
  • Sikkerhetspolitikk
  • Europa
  • Midtøsten og Nord-Afrika
  • Afrika
  • Asia
  • Konflikt
  • EU
19 mars 2019
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Norway House, Rue Archimède 17, 1000 Brussel
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Humanitære spørsmål
  • EU
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt