Arrangement
Radikalisering bak murane: Erfaringar og utfordringar frå Noreg og Nederland
Europas fengsel husar mange innsette som er dømd for terrorrelaterte lovbrot. I åra som kjem skal mange av dei lauslatast, noko som skaper hovudbry for tryggingstenester over heile kontinentet. Samtidig åtvarar mange forskarar og observatørar om at fengsla fungerer som radikaliseringsknutepunkt. Ekstremistar i fengsel lykkast med å rekruttere andre innsette, og fengselstilsette står overfor utfordringa med å både hindre spreiing av ekstremisme, og samtidig arbeid for å rehabilitere dei som allereie er radikalisert. Korleis kan, eller bør, fengselsstyresmakter og samfunnet generelt tilnærme seg desse samansette problema? Kva lærdommar kan ein ta med seg frå erfaringane ein har gjort til no?
Desse spørsmåla skal Liesbeth van der Heide og David Hansen skal sjå nærare på når dei gjestar NUPI 7. november.
Liesbeth van der Heide er forskar og foreles ved Leiden University, Institute of Security and Global Affairs. Ho skal snakke om det nederlandske fengselssystemet for fengsling av terroristar og setje søkjelyset på utviklinga som dette systemet har hatt dei siste åra. Ho vil fokusere på nokre av dilemmaa som nederlandske styresmakter står overfor, og gi nokre innleiande tankar for diskusjon.
David Hansen er førsteamanuensis ved Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga (KRUS), og han skal under dette seminaret kontekstualisere radikalisering i fengsel med vekt på det norske systemet. Presentasjonen vil også komme inn på potensialet for radikalisering og dei førebyggjande tiltaka norske styresmakter bruker for å redusere faren for radikalisering i kriminalomsorga, spesielt i fengsel.
Professor Tore Bjørgo leier seminaret og diskusjonen i etterkant. Bjørgo er professor ved UiO og leiar for Universitetets senter for forsking på ekstremisme (C-REX) og er ein av Europas leiande ekspertar på radikalisering og de-radikalisering. Bjørgo var sentral i etableringa av det norske Exit-programmet som hjelpte mange norske høgreekstreme ut av dei ekstremistiske og valdelege miljøa.
Seminaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet. Arrangementet er delt i to bolkar, med pause (kaffi og bakst) kl. 10.00. Seminaret blir avslutta kl. 11.30.
Arrangementet blir strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal: