Arrangement
Kva verktøy har EU til å handtere interne og eksterne utfordringar?
Sjå liveoverføringa av arrangementet på NUPIs YouTube-kanal her.
Då EUs Globale Strategi blei lansert i juni 2016 stod det at «Vi treng eit sterkare Europa. Det er dette borgarane våre fortener, det er dette verda forventar.» Ei rekkje utfordringar skulle midlartid oppstå som perler på ei snor: Brexit, valet av USAs president Donald Trump, og ein framvekst av autoritære regime, populisme og nasjonalisme i EUs omgåande nabolag. Dei langvarige krisene i Ukrainia, Afghanistan, Midtausten, Nord-Afrika og Sahel, så vel som vedvarande uvisse i Balkan, er like bekymringsverdig.
Nokon hevdar til og med at den liberale verdsordenen og dens frihandel, internasjonale lovverk og multilateralisme, er i ferd med å svinne hen. Den openberre konsekvensen for EU er at det blir vanskelegare å balansere sin autonomi og interesser med andre aktørar både på det nasjonale, regionale og internasjonale nivået.
Kva er EUs faktiske verktøy til å levere både på heimebane og utanfor eigne grenser i denne konteksten med nye interne og eksterne utfordringar? Kva rolle kan EU ha i å transformere dei austlege naboane sine til fredelege og framgangsrike demokrati? Kva har forholdet mellom EU og andre stormakter som Tyrkia i vente?
Den 20. mars møtest forskarar frå dei fire internasjonale, tverrfaglege og H2020-finansierte prosjekta EUNPACK, EU-STRAT, FEUTURE og INFORM for å klargjere desse svært aktuelle spørsmåla. Arrangementet er organisert av EUNPACK og er del av sluttkonferansen for prosjektet som finn stad på CEPS 18-19 mars 2019 i Brussel.
Ordstyrar er forskar 1 på NUPI, Pernille Rieker. Hennar forskingsinteresser er europeisk integrasjon (EU) og europeisk utanriks- og tryggingspolitikk, inkludert fransk og dei nordiske landas utanriks- og tryggingspolitikk. I tillegg har ho arbeidd med dialog og konfliktførebygging meir generelt. Rieker er også ein del av prosjektet EUNPACK.
Morten Bøås er forskar 1 på NUPI og jobbar i hovudsak med tema knytt til fred og konflikt i Afrika, inkludert problemstillingar som landsrettar og statsborgarskapskonfliktar, ungdom, eks-stridande og det nye landskapet som teiknar seg med omsyn til opprør og geopolitikk. Han er også ein del av prosjektet EUNPACK.
Antoaneta L. Dimitrova er professor i Comparative Governance ved Leiden University og medlem av EU-STRAT-prosjektet. Ho forskar blant anna på styringsoverføring frå EU til kandidatland, og ser på verknaden av å fremje reglar og normer knytt til demokrati, reform av offentleg forvaltning eller spesifikke retningslinjer frå EU, IMF eller andre internasjonale organisasjonar.
Eric Gordy er professor i politisk og kulturell sosiologi ved University College of London og koordinator og hovudforskar for INFORM-prosjektet. Han konsentrerer seg om Søraust-Europa, spesielt statane i det tidlegare Jugoslavia.
Eduard Soler er forskar og foreles ved Barcelonas senter for internasjonale saker og ved Universitat Autònoma de Barcelona (UAB). Han har ei doktorgrad i internasjonale relasjonar frå UAB. Han er også medlem av FEUTURE-prosjektet.
Florence Gaub er assisterande direktør for The European Union Institute for Security Studies (EUISS), der ho har ansvaret for å koordinere forskingsaktivitetar. I tillegg jobbar ho med strategisk framsyn, og dessutan tryggleik og konflikt i Midtausten og Nord-Afrika.
Kyriacos Charalambous er medlem av Johannes Hahns kabinett, EUs Kommissær for nabolandpolitikk og utvidingsforhandlingar.
Om prosjekta
EUNPACK har undersøkt EUs kapasitet eller manglande kapasitet til å engasjere seg i ekstern kriserespons; EU-STRAT har sett på forholdet mellom EU og nabolanda i Aust-Europa; FEUTURE har kartlagt dynamikken i forholdet mellom EU og Tyrkia; og INFORM har undersøkt interaksjonen mellom formelle og uformelle institusjonar i Vest-Balkan.
Deltakere
Ordstyrer
Relaterte prosjekter
Good intentions, mixed results – A conflict sensitive unpacking of the EU comprehensive approach to conflict and crisis mechanisms (EUNPACK)
The EUNPACK project unpacks EU crisis response mechanisms, with the aim to increase their conflict sensitivity and efficiency....
Norge møter Europa
Europa er i stadig endring. Ettersom Norge er en del av Europa og tett sammenvevd med EU så vil økonomiske, og politiske endringer på kontinentet ha store virkninger for landet....