Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kva no, Ukraina?

Ukraina har valt skodespelaren Volodymyr Zelenskij til ny president. Kva inneber maktskiftet i Kyjiv for Ukrainas vidare politiske kurs?
06 mai 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Norsk

Søndag 21. april stemde eit klart fleirtal av befolkninga i Ukraina for eit skifte av president. Ut gjekk Petro Porosjenko, som ikkje hadde klart å innfri dei skyhøge forventningane i kjølvatnet av Euromajdan og regimeskiftet i 2014.

Inn kom skodespelar og komikar Volodymyr Zelenskij, som fekk over 70% av stemmene i andre valomgang. Zelenskij har inga tidlegare politisk erfaring. Kan denne politiske novisa lykkast der Porosjenko feila? Vil han kunne få skikk på økonomien og korrupsjonen under kontroll? Kva med forholdet til parlamentet, som framleis er dominert av Porosjenkos støttespelarar? Og kva med konflikten i Donbas og forholdet til naboen i aust?

Tysdag 7. mai NUPI inviterer til ein samtale med Tor Bukkvoll og Anatolii Kyryliuk om valet og kva konsekvensar det kan ha for Ukrainas vidare kurs.

Tor Bukkvoll er seniorforskar på Forsvaret Forskningsinstitutt (FFI) og ein av Noregs fremste ekspertar på ukrainsk politikk. Anatolii Kyryliuk er prosjektleiar i Norsk-ukrainsk Handelskammer med særleg fokus på utvikling av energisektoren.

Samtalen vil modererast av Helge Blakkisrud, seniorforskar og leiar for NUPIs forskingsgruppe på Russland, Asia og internasjonal handel.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Tor Bukkvoll
Seniorforsker, Forsvarets forskningsinstitutt (FFI)
Anatolii Kyryliuk
Project Manager on Energy, NUCC
06 mai 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Norsk