Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kva blir EUs globale rolle etter brexit?

EUs globale rolle vil endrast når Storbritannia forlèt unionen. Under dette seminaret skal Mike Smith snakke om arbeidet sitt på samspelet mellom brexit og EUs internasjonale rolle.
15 oktober 2019
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • EU
  • Engelsk

Uavhengig av utfallet av brexitprosessen, så meiner professor Mike Smith at EU og Storbritannia framleis kjem til å vere tett knytt til kvarandre når det gjeld utanrikspolitikken. Smith fokuserer i arbeidet sitt særleg på likskapane mellom det britiske snakket om "Global Britain" og EUs globale strategi frå 2016. Han ser også på korleis EUs rolle i verda vil bli påverka av brexit på tre sentrale område: handel og utvikling, transatlantiske relasjonar og tryggleiks- og forsvarspolitikk. Under dette seminaret skal Smith blant anna snakke om at EUs faktiske globale utfordringar kjem til å bli meir fundamentale enn brexit for korleis desse områda utviklar seg.

Michael Smith er professor i europeisk politikk ved Universitetet i Warwick og professor emeritus ved Loughborough University. Han har publisert mykje om EUs utanrikspolitikk og EUs diplomati. Nokre av bøkene han har publisert er The European Union's Roles in International Politics: Concepts and Analysis (Routledge, 2006; med Ole Elgström), The European Union and the United States: Competition and Convergence in the Global Arena (Palgrave Macmillan, 2008, med Steven McGuire), The Diplomatic System of the European Union: Evolution, Change and Challenges (Routledge, 2016, med Stephan Keukeleire and Sophie Vanhoonacker) og International Relations and the European Union (Oxford University Press, 2017, 3rd edition, med Christopher Hill and Sophie Vanhoonacker).

Seminaret blir leidd av NUPI-forskar Pernille Rieker og det er ein del av seminarserien Noreg møter Europa. Arrangementet blir strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Mike Smith
Professor, University of Warwick

Relaterte prosjekter

Seminarserie
2015 - 2022 (Avsluttet)

Norge møter Europa

Europa er i stadig endring. Ettersom Norge er en del av Europa og tett sammenvevd med EU så vil økonomiske, og politiske endringer på kontinentet ha store virkninger for landet....

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
15 oktober 2019
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • EU
  • Engelsk