Arrangement
Kva betyr Trumps Space Force for Europa?
Den foreslåtte opprettinga av ein amerikansk romkommando – US Space Force – som er ein ny del av det amerikanske militæret for krigføring i verdsrommet, har piska opp stemninga og ført til ei kjensle av konkurranse og trussel blant romfarande makter. Enkelte går så langt at dei referer til situasjonen som byrjinga på eit nytt romkappløp.
Ambisiøse planar om å sende menneske til månen i løpet av fem år og til Mars såg tidleg som om ti år er no på bordet. Professor Mai'a Cross skal under denne presentasjonen sjå på implikasjonane for ein «Space Force» for Europa med eit sideblikk på det historiske transatlantiske forholdet for utforskinga av verdsrommet. Cross meiner at trass i styresmakters mange forsøk på å militarisere verdsrommet dei siste 70 åra, har rommet vore ei sone med godt samarbeid og interaksjonar mellom statar, sjølv under den kalde krigen. Denne historiske konteksten dannar grunnlaget for å kunne forstå noverande trendar og innsatsen frå romaktørar på begge sider av Atlanteren, og kva utfordringar Europa vil møte i åra som kjem.
Mai'a K. Davis Cross er Edward W. Brooke Professor of Political Science og førsteamanuensis i statsvitskap og internasjonale spørsmål ved Northeastern University. Ho også medlem av Council on Foreign Relations same stad. Cross forskar på internasjonalt samarbeid, spesielt på europeisk utanriks- og tryggingspolitikk, epistemiske samfunn, kriser, diplomati og offentleg diplomati. Ho har ein PhD i politikk frå Princeton University. Cross har skrive tre bøker: The Politics of Crisis in Europe (Cambridge University Press, February 2017), Security Integration in Europe: How Knowledge-based Networks are Transforming the European Union (University of Michigan Press, 2011), and The European Diplomatic Corps: Diplomats and International Cooperation from Westphalia to Maastricht (Palgrave Macmillan, 2007).
Arrangementet er ein del av seminarserien Noreg møter Europa, og blir leidd av forskar 1 på NUPI, Pernille Rieker.