Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Kina og atomkrisene i Iran og Nord-Korea

Atomavtalen med Iran er i krise, og samtalar om Nord-Koreas atomprogram har gitt liten framgang. Samtidig er Kina på god veg til å bli ein av dei viktigaste og mektigaste statane i verda. Kor viktig er det for Kina å forhindre spreiing av kjernevåpen?
29 januar 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Konflikt
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital

Striden om atomprogramma i både Iran og Nord-Korea er inne i kritiske fasar. Toppmøtet mellom USAs president Donald Trump og Nord-Koreas leiar Kim Jong-un har skapt håp om at Nord-Korea vil ruste ned, men framgangen i samtalane er så langt avgrensa, og den diplomatiske prosessen er skjør. USAs uttrekking frå Iran-avtalen og innføring av sanksjonar har skapt stor uvisse om framtida for Irans atomprogram.

Kina speler ei nøkkelrolle i begge atomkrisene. Kinesiske leiarar har tradisjonelt hatt tette band til regimet i Nord-Korea, og har stor innverknad over implementeringa av sanksjonar mot landet. Kina har også vore ein viktig aktør i forhandlingane om Irans atomprogram, og har tidlegare støtta både Irans missilprogram og atomprogram. I tillegg har Kina sterke økonomiske band til Iran.

Under dette seminaret presenterer Henrik Stålhane Hiim den kinesiske politikken overfor atomprogramma i Iran og Nord-Korea, og korleis denne politikken har utvikla seg over tid. Basert på si nyleg utgitte bok, Strategic Assistance: China and International Nuclear Weapons Proliferation, ser Hiim vidare på kva politikken overfor dei to landa fortel om Kinas generelle haldning til spreiing av kjernevåpen. Førsteamanuensis ved UiO Målfrid Braut-hegghammar og førsteamanuensis ved IFS Ian Bowers vil kommentere. Ordstyrar er seniorforskar ved NUPI Sverre Lodgaard.

Arrangementet blir strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal:

Talere

Henrik Stålhane Hiim
Tidligere ansatt
Målfrid Braut-Hegghammer
Førsteamanuensis, Institutt for Statsvitenskap ved UiO
Ian Bowers
førsteamanuensis, Institutt for forsvarsstudier (IFS)
29 januar 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Konflikt
  • Engelsk
  • Seminar
  • Digital