Arrangement
Kina investerer i verda – kva betyr det for oss?
Kinesiske investeringar (foreign direct investments - FDI) i Europa har auka betrakteleg dei siste åra. Sjølv om denne utviklinga har blitt ønskt velkommen, er det ei viss bekymring i mange europeiske land om kinesiske investeringar kan ha ein negativ effekt på nasjonal tryggleik. Til dels som ein respons på denne bekymringa etablerer EU no ein ny screeningsmekanisme for investeringar. I tillegg opprettar eller styrkjer fleire land i Europa nasjonale tryggingsscreeningar for innkommande investeringar. Dette inkluderer den nordiske regionen, der dette nyleg blei diskutert under møtet til dei nordiske statsministrane i Oslo.
13. mai kjem Matthew Ferchen til NUPI for å halde foredraget «Trade, Investment, & Geopolitics: Understanding the Economic Effects of China's Evolving Industrial Policies.”. Her skal han snakke om kinesisk politikk for industri, investering og finansiering overfor Europa. Korleis er ståa er i kinesiske og internasjonale diskusjonar om denne politikken? Ferchen kjem også til å gi eit amerikansk perspektiv på screeningsverktøy for investering, som Committee on Foreign Investment in the United States (CFIUS). I tillegg vil han snakke om moglegheiter og hindringar for eit betre transatlantisk samarbeid for forståing og svar på kinesisk investering og industrielle strategiar.
Direktør på NUPI, Ulf Sverdrup, kjem til å gi ein kommentar på Ferchens presentasjon. Seniorforskar Nina Græger leier seminaret.
Matt Ferchen er tilknytta Carnegie–Tsinghua Center for Global Policy, der han leier China and the Developing World Program.
Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal: