Arrangement
Jakta på ekstremistpersonlegdommen: kan personlegdomstrekk forklare valdeleg ekstremisme?
Personar som blir terroristar blir beskrivne ofte som enten «mentalt sjuke» eller «nesten kven som helst». Sjølv om ekstremistar kanskje er «normale» i klinisk forstand, har dei likevel nokon personligstrekk som går igjen. Resultat frå nyare studiar viser at spesifikke personlegdomstypar i større grad finn bruk av vald tiltalande. Personar som er dogmatiske, manglar frykt og toler eit høgare nivå av stress, er ikkje berre overrepresentert blant dei som aksepterer vald, men også blant dei som tar del i ekstremistisk vald. På den andre sida blir dei karakteriserte som blir med i ikkje-valdelege grupper at dei har ei høgare grad av empati.
Desse funna har klare, og potensielt fundamentale, implikasjonar for førebygging av terrorisme. Personlegdomsmodellen bidrar til å forklare individuelle forskjellar i valdelege intensjonar, noko som kan gi oss ytterlegare innsikt i kvifor nokre, men ikkje andre i same situasjon, blir involverte i valdeleg ekstremisme.
På dette seminaret skal Milan Obaidi presentere forsking som viser at individuelle personlegdomstrekk er viktig når ein skal prøve å forstå radikaliseringsprosessar. Obaidi har også bidratt til å utvikle PRAT (Public Risk Assessment Tool), eit nytt verktøy som bruker maskinlæring til å analysere ekstremistisk innhald for å identifisere potensielt valdelege ekstremistar blant dei som postar på nett. Håpet er at styresmaktene skal kunne bruke verktøyet til å skilje ut dei personane som er truande til å gå frå prat til handling.
Milan Obaidi er postdoktor på C-REX på Universitetet i Oslo. Han har doktorgrada si frå European University Institute i Firenze. Forskingsinteressene hans inkluderer sosial-, politisk- og personlegdomspsykologi, og dessutan statsvitskaplege tilnærmingar. I forskinga si undersøkjer han i kva grad individuelle psykologiske behov, kjensler og motiv knytt til handtering av fridomskrenking, offer, uvisse, gruppetrussel og opplevd urettferd er kopla til intensjonar, haldningar og politiske valdshandlingar.
Seniorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), og adjunkt i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Thomas Hegghammer, leiar seminaret. Hegghammar har publisert i ei rekkje framståande tidsskrift, blant anna The American Political Science Review og International Security. Hegghammar har i tillegg forfatta ei rekkje bøker, seinast The Caravan: Abdallah Azzam and the Rise of Global Jihad, som blir gitt ut på Cambridge University Press i februar 2020.
Seminaret blir arrangert av Konsortiet for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.