Arrangement
Hverdagsliggjøring og monopolisering av nasjonsomgrepet i Russland
Nye styringsmakter fremjar ofte eit syn om at staten og nasjonen samsvarer med kvarandre, der bodskapen blir formidla som ei kvardagsleg sanning. Det har likevel vore svært få forsøk på å forklare korleis dette blir oppnådd, eller korleis denne prosessen skil seg mellom demokrati og autokrati. På bakgrunn av djupneintervju gjennomført i perioden 2014-2016, blir ein banaliseringsprosess "avdekt" som har gått føre seg sidan 1990-talet. J. Paul Goode skal vurdere konsekvensane av denne prosessen for utviklinga av russisk politikk under president Vladimir Putin.
J. Paul Goode er førsteamanuensis ved Universitetet i Bath. Hans viktigaste faglege interesser er nasjonalisme, populisme og radikalisme. Han har publisert ei rekkje faglege artiklar om regionalisme, nasjonalisme og autoritært styre i Russland i anerkjende tidsskrift som Perspectives on Politics, Post-Soviet Affairs, Social Science Quarterly, Problems of Post-Communism og Europe-Asia Studies. Hans forsking har blitt støtta av Fulbright og IREX. I 2020 vil han tiltre som Research Fellow ved NYU Jordan Center for the Advanced Study of Russia. Han er også medredaktør av tidsskriftet Nationalities Papers, og dessutan medlem av redaksjonsråda til Nations and Nationalism, Russian Politics og Social Science Quarterly.
Seminaret blir arrangert i samarbeid med Senter for slaviske og austeuropeiske studiar på Universitetet i Oslo.