Arrangement
Generasjon Putin: Kva er viktig for dei?
Russisk ungdom har ofte blitt beskrive som sterke støttespelarar til president Vladimir Putin og det politiske regimet hans. Våren 2017 deltok likevel eit uventa stort tal unge menneske i Aleksej Navalnyjs antikorrupsjonsdemonstrasjonar. Sidan då har Russlands unge blitt eit tema i vestleg media. Er dei politiske haldningane til russisk ungdom i endring? Blir dei meir politisk engasjerte? Viss det er tilfelle, korleis engasjerer dei seg? Og korleis ser dei på Russlands forhold til resten av verda?
Enten ein ser russisk ungdom som håpet for ein politisk opposisjon eller som president Putins sterkaste støttespelarar, er det heva over tvil at denne nye generasjonen krev og bruker informasjon på ein annan måte enn foreldregenerasjonen, noko som gjer at dei gradvis former sine eigne politiske og offentlege leiestjerner og dagsordenar. Meiningsmålingar indikerer at dei politiske haldningane til unge russarar har byrja å skilje seg frå det politiske "mainstream".
NUPI har invitert Denis Volkov for å diskutere denne utviklinga. Han er visedirektør for Russlands leiande uavhengige meiningsmålingsinstitutt, det Moskva-baserte Levada Center.
Seminaret blir leidd av seniorforskar og leiar for Forskningsgruppen for Russland, Asia og internasjonal handel på NUPI, Helge Blakkisrud.
Arrangementet blir strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal: