Arrangement
Frukostseminar: NUPI 60 år – Lille land, kva no?
Vi serverer frukost frå 08.10!
15. april 1969 heldt påtroppsande stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Knut Frydenlund, eit foredrag som han gav tittelen «Lille land – kva no?». I foredraget sitt trekte Frydenlund opp ein visjon om ei betre organisert verd. Denne fann vegen inn i partiprogram, regjeringserklæringar og i hans virke som Noregs utanriksminister i 1973-81 og igjen i 1986-87. Spørsmålet har sidan blitt stilt i mange samanhengar: kvar står norsk utanrikspolitikk, og kvar er vi på veg?
I NUPIs sekstiande år er spørsmålet framleis svært relevant. I 2019 er verda prega av meir uorden enn på lenge. Multilateralismen som har vore så viktig for Noreg i etterkrigstida er under press. Statsminister Erna Solberg har peika på at verda – og Noreg – står overfor ein meir utfordrande utanriks- og tryggingspolitisk situasjon enn på lenge. Samtidig er Noreg, som har blitt ein mellomstor økonomi, i ferd med å bli forbigått på lista over økonomiane i verda av meir folkerike land. Småstatsutfordringane kan vere på veg tilbake.
Den tidlegare norske toppdiplomaten Bjørn Skogmo starta karrieren sin i utanrikstenesta i 1969, same året som Frydenlund heldt talen sin. Parallelt med Frydenlunds arbeid for ei betre organisert verd, har Skogmo tenestegjort i fremste rekkje på det multilaterale området og vigde mesteparten av karrieren sin til nettopp Frydenlunds visjon. Det har det blitt bok av, "Visjonen om ei betre organisert verd. Framsteg og motkrefter" som blir lanserte på NUPI 21. mars. Saman med seniorforkar på NUPI Sverre Lodgaard skal Skogmo snakke om tida som diplomat og korleis verda har endra seg sidan då.
Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:
"Veldig interessant lesning. Et utfyllende og viktig innblikk i utviklingen av norske visjoner og om regjeringers og diplomaters innsats for en bedre verden" - Gro Harlem Brundtland
"... Med et levende språk og mange verdifulle anekdoter tegnes bildet av en utenrikspolitikk med vekt på samarbeid og konfliktforebygging som skiftende regjeringer har utviklet og som Norge kan være stolt av" - Jan Egeland