Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Frukostseminar: Folka mot systemet – protestbølgjene i Midtausten

Dei siste månadene har det vore store protestar mot makthavarane i Algerie, Libanon, Iran og Irak. På dette frukostseminaret diskuterer NUPI-forskarar kva som kjenneteiknar protestane og utsiktene til forandring.
11 desember 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Konflikt
  • Menneskerettigheter
  • Engelsk

Forverrande levekår har utløyst protestane, men vil ei veksande økonomisk krise undergrave eller forsterke protestane på sikt? Ser vi konturane av ei post-islamistisk form for politisk mobilisering? Er dei sekteriske identitetane som har forma den politiske dynamikken i Irak og Libanon i ferd med å svekkjast? Kva rolle speler media og journalistar? Korleis påverkar konfliktar på den internasjonale arenaen protestane?

Sara Merabti Elgvin skal snakke om folkeleg mobilisering og presidentvalet i Algerie.

Khaled Zaza deler sjølvopplevde erfaringar frå protestane i Beirut.

Tine Gade skal snakke om Tripoli som sentrum for protestane i Libanon.

Kjetil Selvik diskuterer konsekvensar av protestane for Iran.

Dette seminaret blir arrangert i samband med prosjekta Hybrid paths to resistance in the Muslim world: Iraq, Lebanon, Libya and Mali og Journalism in struggles for democracy: media and polarization in the Middle East.

Vi serverer frukost frå 08.30!

Deltakere

Sara Merabti Elgvin
Tidligere ansatt
Khaled Zaza
Forskningassistent, tilknyttet NUPI
Tine Gade
Seniorforsker
Kjetil Selvik
Tidligere ansatt
11 desember 2019
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Konflikt
  • Menneskerettigheter
  • Engelsk