Arrangement
Frukostseminar: EU i Sahel – frå gode intensjonar til Europa først?
Vi serverer lett frukost frå kl. 08.30!
Sidan 2003 har EU sett i verk meir enn 35 sivile og militære utanlandsoppdrag. Trass i dette har den akademiske litteraturen om EUs engasjement i eksterne konfliktar og kriser inntil nyleg vore overveldande navlebeskuende og Brussel-fokusert, og i mykje mindre grad tatt for seg EUs lokale innverknad i områda der oppdraga finn stad. Formålet med EUNPACK-prosjektet har vore å fylle dette kunnskapsgapet. På dette seminaret som blir arrangert saman med NCHS, CMI og PRIO, vil seniorforskarane Morten Bøås og Pernille Rieker presentere hovudfunn og utvalde tilrådingar frå EUNPACK-prosjektet, med særleg fokus på EUs rolle i Sahel.
Sårbare statar i Sahel var ei tydeleg bekymring for EU allereie i 2011, som spesifisert i strategien «The EU Strategy for Security and Development in the Sahel». Dette dokumentet etablerte ein såkalla comprehensive approach til utvikling og tryggleik. Konflikten som braut ut i Mali i 2012 løfta Sahel endå høgare opp på EUs dagsorden, og seinare gjorde migrasjonskrisa i 2014/15 Sahel til eit prioritert tema i Det europeiske rådet. Dagens EU-politikk på dette fagfeltet illustrerer ein trend der EU i stadig større grad prøver å svare på umiddelbare tryggingstruslar, i staden for å fokusere på langsiktige løysingar som statsbygging med administrativ kapasitetsbygging gjennom omfattande lokal eigarskap som hovudkomponent.
Morten Bøås (PhD) er seniorforskar ved NUPI og jobbar i hovudsak med tema knytt til fred og konflikt i Afrika, inkludert problemstillingar som landsrettar og statsborgarskapskonfliktar, ungdom, eks-stridande og det nye landskapet som teiknar seg med omsyn til opprør og geopolitikk. Han leidde EUNPACK-prosjektet.
Pernille Rieker (PhD) er seniorforskar ved NUPI. Hennar forskingsinteresser er europeisk integrasjon (EU) og europeisk utanriks- og tryggingspolitikk, inkluder fransk og dei nordiske landas utanriks- og tryggingspolitikk. I tillegg har ho arbeidd med dialog og konfliktførebygging meir generelt, og var del av EUNPACK-prosjektet.
Seminaret blir strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal: