Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Frukostseminar: 25 år med EØS-avtalen

Kva betydning har EØS-avtalen hatt for Noreg etter 25 år? Kva utfordringar og moglegheiter ligg i avtalen? Bli med når vi lanserer ny fokusspalte i tidsskriftet Internasjonal Politikk den 22. november!
21 november 2019
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Cappelen Damm, Akersgata 47/49, Oslo
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Regional integrasjon
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • EU
  • Norsk

Lett frukost blir servert frå 07.30!

EØS-avtalen har, med sine velkjende feil og skavankar, artikulerte motstandarar og få ivrige tilhengjarar, fungert rimeleg godt i 25 år – og betre enn mange trudde då han først tredde i kraft. I løpet av desse åra har avtalen blitt utvida, fordjupa og han har også gitt grunnlag for å utvide samarbeidet med Noreg og EU på område utanfor gyldigheitsområdet til EØS-avtalen.

På dette frukostseminaret skal vi diskutere betydninga, utfordringane og moglegheitene til EØS-avtalen og lansere ei heilt fersk fokusspalte i Internasjonal Politikk på tematikken.

På seminaret vil Bjørn Tore Godal, som underskreiv avtalen på vegner av Noreg for 27 år sidan, si litt om korleis han opplever avtalen i dag. Vi vil høyre frå Martine Tønnessen, tidlegare leiar av Krfu, om korleis det har vore å vekse opp med EØS. NUPIs direktør, Ulf Sverdrup skal presentere resultat frå ei undersøking NUPI har fått gjennomført om nordmenns haldningar til og kunnskap om EØS (Sverdrup, Svendsen & Weltzien). Og sist, men ikkje minst, vil Åse Gornitzka fortelje litt om korleis EØS-avtalens har bidratt til å endre norsk forsking og styrkje norsk deltaking i europeisk forskingssamarbeid.

I sjølve fokusspalta finst det, i tillegg til artiklar frå alle paneldeltakarane, også artiklar om norsk deltaking i EUs forsvarssamarbeid som ein spin-off av EØS (Svendsen & Rieker) og om kva EØS-avtalen betyr for norsk regelutvikling (Stubholt og Grønnbakk).

Ordstyrar er NUPI-forskar og redaktør for Internasjonal Politikk, Pernille Rieker.

Vi strøymer heile lanseringa direkte her.

Deltakere

Bjørn Tore Godal
Handelsminister 1991-1994 (Ap)
Martine Tønnessen
Tidlligere leder, KrFU
Ulf Sverdrup
Tidligere direktør
Åse Gornitzka
Viserektor for forskning og internasjonalisering, UiO
21 november 2019
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Cappelen Damm, Akersgata 47/49, Oslo
Seminar

Temaer

  • Internasjonal økonomi
  • Handel
  • Regional integrasjon
  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • EU
  • Norsk