Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Framtida til Russlands våpeneksport

Kan russisk våpeneksport halde fram med å auke Russlands innverknad i verda?
26 mai 2019
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Russland og Eurasia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt

Sal av våpen kan vere til fordel for eit land både kommersielt og for geopolitisk innverknad, og våpeneksport er eit viktig element for Russlands gjenoppblomstring som stormakt. Russland har i mange år vore verdas nest største våpeneksportør. Nye tal frå SIPRI tyder likevel på at russisk våpensal no opplever ein langsiktig nedgang. Korleis ser framtida ut for russisk våpeneksport? Vil denne eksporten kunne halde fram med å auke russisk innverknad i verda? Kva produksjonskapabiliteter, kundar og eksportpolitikk vil Russland ha for våpeneksporten sin i åra som kjem?

Sidan 2010 har den russiske våpenindustrien prøvd å komme ei bølgje i møte av etterspurnad etter våpen innanlands, samtidig som dei ønskjer å halde oppe høge eksporttal. I stor grad har våpenindustrien vore i stand til dette, men kritikarar hevdar likevel at selskapa er lite reformerte, manglar private insentiv, og at den eigentleg ikkje er førebudd på dei teknologiske utfordringane i framtida.

I dag er det derfor uvisse om korleis bransjen kan konkurrere i ei verd av raskt skiftande teknologiar og stadig fleire konkurrentar. Vidare er det også uvisse om kven kundane vil vere. Det handlar ikkje berre om teknologisk konkurranseevne og pris, det handlar også om kva eksportpolitikk som best tener russiske geopolitiske interesser.

Under dette seminaret skal Ruslan Pukhov og Konstantin Makienko frå den uavhengige tankesmia CAST i Moskva gi sine vurderingar på kor klar våpenindustrien er for å møte framtida, og av kva prinsipp som blir tatte om kva dei skal selje til kven, no og i framtida.

Ruslan Pukhov er direktør ved Centre for Analysis of Strategies and Technologies. Konstantin Makienko er assisterande direktør same stad. Una Hakvåg vil komme med ein kommentar til Pukhov og Makienkos presentasjon. Ho er forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI).

Helge Blakkisrud, seniorforskar og leiar for forskingsgruppa for Russland, Asia og internasjonal handel ved NUPI, vil moderere seminaret.

Arrangementet blir strøymt direkte til NUPIs YouTube-kanal:

Talere

Ruslan Pukhov
Direktør, Centre for Analysis of Strategies and Technologies (CAST)
Konstantin Makienko
Assisterende direktør, Centre for Analysis of Strategies and Technologies (CAST)
Una Hakvåg
forsker, FFI
26 mai 2019
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Russland og Eurasia
  • Engelsk
  • Seminar
  • Fysisk og digitalt