Arrangement
Fenomenet Zelensky: Kor kom det frå, og kva vil det føre til?
Volodymyr Zelenskys raske opprykk frå komikar til president av Ukraina er ei av dei mest oppsiktsvekkjande utviklingane i historia til dei postsovjetiske statane i Europa. Korleis og kvifor dukka Zelensky opp som presidentkandidat? Kva krefter førte han til topps i eit krigsherja Ukraina? Og i kva retning vil han leie ein strategisk viktig stat som står overfor både ekstern aggresjon og interne utfordringar?
Adrian Karatnycky er Senior Fellow ved Atlantic Council of the United States, og tidlegare formann av Freedom House. Han er også tidlegare meddirektør av Council on Foreign Relations Task Force on the US and the United Nations. Karatnycky har også skrive og redigert over 20 bøker om postkommunistiske land og reformene deira, og er skribent for både Foreign Affairs, Washington Post, Newsweek og Wall Street Journal .
Seminaret blir arrangert i samarbeid med Senter for slaviske og austeuropeiske studiar på UiO og Norsk-ukrainsk Handelskammer (NUCC).