Arrangement
Energitryggleik i Europa: kva kan Noreg og Polen bidra med?
Gjennom forbetra infrastruktur skal «Baltic Pipe»-prosjektet sørgje for nye forsyningsruter for gass til den europeiske marknaden. Denne nye ruta gjer det mogleg å transportere gass frå Noreg til danske og polske marknader, og til sluttbrukarar i landa rundt. Prosjektet er også ein del av EU-planen om å styrkje energisamarbeid langs nord-sør aksen i denne delen av Europa. Målet er altså at ein får eit sterkare energisamarbeid og ein forbetra energitryggleik i regionen.
Prosjektet er eit nytt steg vidare i det polsk-norske energisamarbeidet, og har blitt gjort mogleg gjennom det breiare rammeverket til EUs energipolitikk. Noreg har tidlegare levert relativt små mengder gass til Polen via Tyskland i perioden mellom 2001 og 2006. «Baltic Pipe»-prosjektet opnar for eksport på opptil 10 milliardar kubikkmeter gass til Polen. I tillegg har to polske firma etablert seg på den norske kontinentalsokkelen, Lotos og PGNiG Upstream.
Seminaret 1. februar 2019 vil gi eit godt høve til å bli betre kjent med polsk energipolitikk og Noregs rolle i arbeidet med europeiske planar i gassektoren. Hit kjem Krzysztof Tchórzewski, energiminister i Polen, olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg, Piotr Naimski som er polsk statsfullmektig for strategisk energiinfrastruktur.
I tillegg vil også representantar for selskap involvert i polsk-norske planar delta i ein panelsamtale om dei nye marknadsmoglegheitene.
Direktør ved NUPI, Ulf Sverdrup, leiar arrangementet.
Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:
PROGRAM:
10.00 | Registrering og kaffi |
10.30 | Opningstale ved NUPI-direktør Ulf Sverdrup |
10.30 | Hovudtalar: |
| Gas in Polish Energy Policy 2040, Krzysztof Tchórzewski, energiminister, Polen |
| Norwegian Gas in the European Energy Mix, Kjell-Børge Freiberg, olje- og energiminister |
| The role of NCS in Polish gas diversification policy, Piotr Naimski, polsk statsfullmektig for strategisk energiinfrastruktur |
11.05 | Panelsamtale: Baltic Pipe – new market opportunities |
| Moderator: Ulf Sverdup, direktør NUPI |
| Torben Brabo administrerande direktør, Energinet Gas TSO A/S |
| Frode Leversund, administrerande direktør, GASSCO |
| Tomasz Stępień, administrerande direktør, GAZ-SYSTEM |
| Piotr Woźniak, President, PGNiG |
12.30 | Slutt |