Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

AVLYST - Korleis kan EU bli betre på kriserespons?

Det NUPI-leidde og Horizon 2020-finansierte forskingsprosjektet EUNPACK blei nyleg avslutta. Kva følgjer har funna frå tre år med omfattande forsking og feltarbeid for EUs engasjement i ekstern kriserespons?
05 mai 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Konflikt
  • Sårbare stater
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • Engelsk

Sidan vedtaket om «omfattande tilnærming» til kriserespons i 2013, har EU brukt mykje tid og energi på å effektivisere tilnærminga og forbetre den interne koordineringa på dette området. Nye og langvarige kriser, inkludert konflikten i Ukrainia, frammarsjen av IS i Syria og Irak, og dessutan flyktningsituasjonen i Nord-Afrika og Sahel, har gjort forbetringa av EUs eksterne kriserespons til ein topp-prioritet.

Inntil nyleg har likevel den akademiske litteraturen på EUs engasjement i eksterne konfliktar og kriser vore svært innettervendt, Brussel-sentrert, og opptatte av EU som aktør og dens institusjonelle kapasitetsbygging. Hovudmålet med EUNPACK-prosjektet har vore å fylle dette kunnskapsholet ved å sjå nærare på EUs kriseresponsmekanismar og gi ny innsikt i korleis dei blir mottatte og oppfatta av både lokale og eksterne aktørar.

Ved å bruke eit nedenfra-og-opp perspektiv kombinert med ei institusjonell tilnærming, har prosjektet prøvd å bryte med den dominerande tilnærminga til EUs kriserespons, som har hatt ein tendens til å sjå berre éi side av saka, nemleg sjølve EU.

I tillegg til intervju i Brussel har forskarane gjennomført feltarbeid i land der EU svarer på kriser (Afghanistan, Irak, Kosovo, Libya, Mali, Ukrainia), intervjua nøkkelpersonell frå lokale og internasjonale organisasjonar, inkludert representantar for EUs delegasjonar og program, og gjennomført undersøkingar om folks oppfatningar om EUs kriserespons. Dette har resultert i utviklinga av fem utvalde policyanbefalinger som kan brukast på tvers av kriseresponsuniverset til EU.

Under dette seminaret skal forskingsfunn og policyanbefalinger frå det tre år lange prosjektet blir diskutert. Korleis har EUs kriserespons blitt forma av gapet både mellom intensjonar og implementering, og mellom implementering og lokal mottaking? Korleis påverka desse gapane EUs evne til å bidra meir effektivt til problemløysing på bakken? Og kva konsekvensar har dette for EUs kriserespons?

Morten Bøås og Pernille Rieker, begge Forskar I på NUPI, vil presentere forskingsfunn og utvalde policyanbefalinger frå EUNPACK-prosjektet. Presentasjonane vil deretter bli diskuterte av Wolfgang Behrendt, førsterådgivar og nestleiar for EUs delegasjon til Noreg, og ein representant frå Utanriksdepartementet.

Seminaret blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Morten Bøås
Forsker I
Pernille Rieker
Forsker I
Wolfgang Behrendt
First Counsellor and Deputy Head of the EU Delegation to Norway
05 mai 2019
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Konflikt
  • Sårbare stater
  • Internasjonale organisasjoner
  • EU
  • Engelsk