Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Avgrensing av stormakter: Mjuk maktbalansering frå imperietida til den globale æra

I kva situasjonar vel statar mjuke framfor harde former for maktbalansering – altså institusjonelle og økonomiske instrument heller enn formelle militæralliansar og intensiv våpenoppbygging? Når vel dei ein kombinasjon av mjuke og harde midlar? Kva er likskapane og forskjellane mellom korleis mjuk maktbalansering blei praktisert på 1900- og 2000-talet?
07 mai 2019
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Historisk IR
  • Engelsk

Dette seminaret tar utgangspunkt i Professor T.V Pauls ferske bok Restraining Great Powers: Soft Balancing From Empires to the Global Era (Yale University Press, 2018). I boka analyserer Paul korleis statar bruker internasjonale institusjonar, uformelle samarbeidsordningar og økonomiske verkemiddel (t.d. sanksjonar), for å avgrense dominante aktørars makt og truande åtferd.

Faglitteraturen innanfor studiet av internasjonale relasjonar har i stor grad neglisjert desse ikkje-militære verkemidla for å avgrense dominerande makters innverknad. Debatten om «soft balancing» har i over eit tiår blitt brukt utelukkande med tilvising til sekundærmakters svar på USAs dominerande stilling. Denne boka utvidar og testar argument om mjuk maktbalansering gjennom studiar av historiske døme (som Concert of Europe og Folkeforbundet i mellomkrigsåra) og av dei framveksande eller tilbakevendande maktene, Kina og Russland. Boka går også i rette med fagleg kritikk om «soft balancing» som analytisk begreip og som utanrikspolitisk strategi.

T.V. Paul er James McGill professor i internasjonale relasjonar ved Institutt for statsvitskap på McGill University i Montreal, Canada. Han var president for International Studies Association (ISA) i 2016-17. Paul er forfattar eller redaktør av 18 bøker og over 65 vitskaplege artiklar / bokkapittel innan internasjonale forhold, internasjonal tryggleik og Sør-Asia.

Ordstyrar er seniorforskar og leiar for forskingsgruppa for global orden og diplomati på NUPI, Kristin Haugevik.

Taler

Thazha Varkey Paul
James McGill professor, McGill University
07 mai 2019
13:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Diplomati
  • Utenrikspolitikk
  • Historisk IR
  • Engelsk