Arrangement
Arendalsuka 2019: Skatt, statsbygging og sårbare statar
Om sårbare statar skal klare å sikre basisbehovet til innbyggjarane som tryggleik, helsetilbod og utdanning, må dei enten gjere seg avhengige av bistand eller auke sine eigen inntekter gjennom etablering av betre system for innkrevjing av skatt. Bistand vil vere ein del av løysinga, men berre éin del. Årsaka er at bistand utan eit statsbyggingskomponent som bidrar til at staten sine eigne inntekter aukar, berre fører til ein ting; at sårbare statar blir haldne i live ved kunstig, internasjonal anding. Effektiv og legitim skattlegging og forvaltning av naturressursar er dermed nødvendige føresetnader for å utvikle berekraftige statar og samfunn.
I samanheng med Noregs fokus på sårbare statar og Norads Skatt for Utvikling-program, inviterer Skattjakt-nettverket (NUPI, CMI og Tax Justice Network – Noreg) til ein samtale under Arendalsuka om Noregs rolle som bidragsytar i sårbare statar. Fokuset skal spesielt dreie seg om skatt og skattebistand som ein nøkkel til statsbygging i sårbare statar.
Kva er hovudutfordringane med statsbygging i sårbare statar? Noreg har jobba med skatt og utvikling i mange år, spesielt gjennom Norad-programmet «Skatt for Utvikling». Kva erfaringar herfrå kan vere spesielt nyttige for Noregs engasjement i sårbare statar? Korleis skal Noreg jobbe multilateralt, det vil seie med internasjonale organisasjonar, lokale styresmakter og NGO-ar, for å støtte og leggje til rette for statsbyggingsprosessar?
Hit kjem direktør i Norad, Jon Lomøy, professor ved Senter for utvikling og miljø (UiO), Benedicte Bull, Fredrik Aksnes frå Skatteetaten, dagleg leiar i Tax Justice Network Noreg, Sigrid Klæboe Jacobsen, seniorforskar på CMI, Odd-Helge Fjeldstad, og seniorforskar på NUPI, Morten Bøås.