Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Vern av borgarar i utlandet – kven er ansvarleg og til kva pris?

Kven skal ta ansvaret når nordmenn får problem i utlandet, som Frode Berg i Russland og French og Moland i Kongo, eller ved naturkatastrofar og terrorangrep?
17 oktober 2018
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Engelsk

I ei globalisert verd er det stadig fleire som lever eller reiser utanlands i lengre og kortare periodar. Kva ansvar har staten for å verne og hjelpe arbeidarar, studentar, pensjonistar, turistar og andre som oppheld seg i uteinlandet når noko skjer? Og kva er hovudutfordringane med dette? Hendingar som kan utløyse plikta til å verne kan vere naturkatastrofar, som jordskjelv og tsunamiar, arrestasjon, som Frode Berg i Russland og Moland og French i Kongo, eller fangenskap, som då ein tilsett i Flyktninghjelpen blei halden som gislar av somalisk milits eller då Statoil- (no Equinor) og BP-tilsette blei utsett for terrorangrep i Algerie.

Den sosiale kontrakten i eit land legg noko av ansvaret på staten, men kva kan ein sjølv gjere for å verne seg i utlandet? Og korleis kan ny teknologi brukast i samband med dette? Er statar forplikta til å hjelpe framandkrigarar som vil returnere til heimlandet?

Prosjektet Duty of Care: Protecting Citizens Abroad (DoC:PRO) har sett nærare på casestudiar i fleire europeiske land, og undersøkt moglegheitene for å etablere ein internasjonal «beste praksis» for plikta til å verne. Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet. På dette seminaret skal ei gruppe forskarar presentere funna sine frå prosjektet, der dei blant anna har sett ei sentral spenning mellom individuell fridom og private forretningsinteresser på den eine sida, og ansvaret til staten på den andre.

PROGRAM:

13:00-13:05 
Velkommen
Ordstyrar: Halvard Leira, NUPI 

13:05-13:20  
The chains of care: Public and private duty of care under globalisation
Prohektleiar Nina Græger, NUPI

13:20-13:40  
Technology and digital diplomacy: New forms of protection and responsibilization
Professor Jan Melissen, Clingendael Institute, Haag

13:45-14:00  
The duty of care in the humanitarian field
Professor Anna Leander, The Graduate Institute, Gèneva

14:00-14:15  
Why care about the duty of care for citizens abroad? International research impact and added value
Dr. Kyle Grayson, University of Newcastle

14:15-14:45  
Q & A

Seminaret blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Deltakere

Nina Græger
Forsker I (bistilling)
Jan Melissen
Clingendael Institute
Kyle Grayson
University of Newcastle
Anna Leander
The Graduate Institute
17 oktober 2018
13:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Engelsk