Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

USAs partnarar i krigen mot terror - til nytte eller besvær?

Kampen mot terrorisme er bygd på samarbeid mellom statar. Korleis og kor godt fungerer dette samarbeidet?
17 juni 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Nord-Amerika
  • Engelsk

Stephen Tankel besøkjer NUPI 18. juni for å presentere si nyaste bok With Us and Against Us som tar for seg dette temaet. Boka er ein kritisk analyse av forholdet mellom USA og samarbeidspartnarane deira i kampen mot terrorisme. Tankel illustrerer korleis desse partnarane både kan vere til stor hjelp, men også vere eit hinder på vegen. Samtidig som desse partnarskapa er sentrale for krigen mot terror, er dei ofte både kompliserte og lite forstått. Boka har hovudfokus på samarbeidet med Algerie, Egypt, Mali, Pakistan, Saudi Arabia og Jemen, og ser på korleis desse antiterroralliansane fungerer.

Kva faktorar formar slike partnarskap? Kva kan vi gjere for at dei skal fungere best mogleg, og kva risiko er knytt til slikt samarbeid?

Tankel presenterer også policy-rettede råd og strategiar for korleis slike partnarskap kan handterast og forbetrast. Boka er skriven frå ein amerikansk ståstad, men gir også verdifull innsikt som er relevant for allierte statar som Noreg, som ofte står skulder til skulder med USA – vår viktigaste allierte – i krigen mot terror.

Arrangementet blir arrangert i regi av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.

Stephen Tankel er førsteamanuensis ved School of International Service ved American University. Han forskar blant anna på internasjonal tryggingspolitikk, terrorisme, kontra-terrorisme, og tryggingssamarbeid. Han har skrive fleire bøker og artiklar om desse temaa, inkludert hans siste bok, With Us And Against Us: How America's Partners Help and Hinder the War on Terror, og dessutan Storming the World Stage: The Story of Lashkar-e-Taiba.

Arrangmentet blir direkte strøymd på NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Stephen Tankel
førsteamanuensis, American University
17 juni 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Terrorisme og ekstremisme
  • Nord-Amerika
  • Engelsk