Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Truslar frå hybrid krigføring – utfordringar og tiltak i liberale demokrati

NUPI og Den norske atlanterhavskomité inviterer til seminar om hybrid krigføring. Kva er det, og korleis skal vi takle desse nye truslane?
30 oktober 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Thon Conference Universitetsgaten (Rom: Morgenstierne)
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Engelsk

Les meir på Atlanterhavskomiteens sider. NB! Påmeldinga er no stengd og seminaret er fulltalig.

Kaffi og registrering frå 09.30.

Dei siste åra, og spesielt i kjølvatnet av russiske handlingar i Ukraina, har hybrid krigføring – nokre gonger referert til som hybride truslar – fått stor merksemd både i Europa og i resten av verda. NATO, EU og enkeltland som Noreg har vigd mykje tid og ressursar til å betre forstå og svare på utfordringane frå hybrid krigføring. Dette inkluderer utnytting av tvitydige metodar og angrepsverktøy for å svekkje eller bryte ned eit samfunn, bruk av benektelse og utnytting av utdaterte grenser for krig og fred.

Hybrid krigføring viskar ut grensene på kva vi reknar som krig og fred ved å operere utanfor vår oppfatning av krig som ein valdeleg samanstøyt, og ved å utfordre forståinga vår av kvar fiendskapar startar og sluttar.

Noreg er eit landa som har vore med på å opprette det mellomstatlege Hybrid Threat Center of Excellence i Helsingfors. Det er eit behov for ei betre offentleg forståing av utfordringane hybrid krigføring fører med seg i Noreg, så vel som i andre vestlege liberale demokrati. Derfor inviterer NUPI og Den norske atlanterhavskomité deg til seminar om dette, og kva tiltak vi bør ta for å få bukt med truslane frå hybrid krigføring.

Til å diskutere dette har vi tre ekspertar i panelet: Hanna Smith, direktør, Strategic Planning and Responses for NATO-EU Center of Excellence i Helsingfors, Geir Hågen Karlsen, oberstløytnant og forelesar ved Forsvarets høgskole og Njord Wegge, seniorforskar, NUPI.

Ordstyrar er Kjell Dragnes, journalist og tidlegare utanriksredaktør i Aftenposten.

Høyr seminaret som podkast her.

Deltakere

Hanna Smith
Strategic Planning and Responses for the NATO-EU Center of Excellence, Helsinki
Geir Hågen Karlsen
oberstløytnant og foreleser, Forsvarets Høgskole
Njord Wegge
Tidligere ansatt

Ordstyrer

Kjell Dragnes
Tidligere utenriksredaktør, Aftenposten
30 oktober 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
Thon Conference Universitetsgaten (Rom: Morgenstierne)
Seminar

Temaer

  • Forsvar
  • Sikkerhetspolitikk
  • Utenrikspolitikk
  • Engelsk