Arrangement
«Terroristlister» og andre freistingar: Antiterrortiltak som truar rettane til innbyggjarane
«Terroristlister», som den amerikanske «no-fly»-lista, reiser fleire viktige spørsmål om korleis opne samfunn skal ta omsyn til rettane til innbyggjarane, bruk av teknologi, og ansvaret til staten for tryggleiken i samfunnet. Retten til å bevege seg fritt inn og ut av eige land er ein fundamental rett i eit moderne, demokratisk samfunn. Den digitale revolusjonen, og den medfølgjande globaliseringa, har ironisk nok medført at statar kan avgrense borgarars rettar i eit stadig større omfang. På kva grunnlag skal slike avgrensingar kunne innførast? Og kven skal ta slike avgjerder? Velmeinande og ivrige byråkratar, eller kalde algoritmar?
Slike spørsmål set søkjelyset på dei potensielle fallgruvene ved bruken av moderne teknologi og tiltak som utfordrar rettane til borgarane. Har moderne, demokratiske statars tryggingstiltak og avgrensingar blitt tatte i bruk utover det dei opphavleg var meinte til?
Det skal Jeffrey Kahn snakke om 22. november. Khan er professor og Gerald J. Ford Research Fellow ved Southern Methodist University Dedman School of Law (Dallas, Texas, USA) kvar han underviser i og forskar på nasjonal og internasjonal menneskerett.
Han har tidlegare jobba ved McGill University (2013), Washington & Lee University (2014), og som Fulbright Research Scholar i PluriCourts ved det juridiske fakultetet ved UiO (2017-2018).
Kahn har skrive fleire bøker, m.a. Mrs. Shipley's Ghost: The Right to Travel and Terrorist Watchlists (University of Michigan Press, 2013), og arbeidet hans med såkalla ”terrorlister” har blitt omtalte i the New York Times, The Guardian , og i fleire tidsrifter og fagblad. I tillegg har han nyleg bidratt med eit kapittel om “terrorlister” i the Cambridge Handbook of Surveillance Law (2017).
Seminaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.