Arrangement
Teoriseminar: Face-to-Face Diplomacy: Social Neuroscience and International Relations
Direkte diplomati mellom statsleiarar eller representantane deira, utført ansikt-til-ansikt, er ein av grunnsteinane i internasjonal samhandling. Forskarar i internasjonale relasjonar har derimot ofte avvist dette og meint at det er uviktig. I den nye boka si Face-to-Face Diplomacy: Social Neuroscience and International Relations (Cambridge University Press, 2018) hevdar Marcus Holmes at avvising av slikt diplomati står i sterk kontrast til kva leiarar og avgjerdstakarar sjølv reknar som nødvendige.
Boka hans undersøkjer nokre av dei viktigaste augneblinkane i diplomatiet i det tjuande hundreåret, frå 'München' til slutten av den kalde krigen. Ved å vise korleis direkte diplomati gjorde det mogleg for leiarar å enten forsikre kvarandre om velmeinte forsvarsintensjonar eller oppdage offensive målsetjingar, utfordrar Holmes eit sentralt omgrep i mykje av IR-forskinga, at intensjonar i internasjonal politikk er fundamentalt utilgjengelege for utanforståande observatørar.
Marcus Holmes er assisterande professor ved College of William and Mary, Virginia, USA. Han er også medredaktør av boka Digital Diplomacy: Theory and Practice (2015, med Corneliu Bjola), og han har skrive artiklar for fleire tidsskrift som International Organization, International Studies Quarterly og Journal of Theoretical Politics.
Seniorforskar Kristin Haugevik leier teoriseminaret.