Arrangement
Skandinaviske perspektiv på Russland etter Ukraina-krisa
Dette arrangementet går føre seg i Cappelen Damms lokale, klikk her for påmelding.
Det har gått nesten fem år sidan starten på Ukraina-konflikten. Forholdet mellom vestlege land og Russland har tilsynelatande blitt stadig dårlegare. Men kor samstemde er vi eigentleg i tolkinga vår av og tilnærming til Russland? Nordisk Østforum inviterer nokre av Skandinavias fremste Russlandseksperter til å diskutere ulike skandinaviske perspektiv. Kor ulikt tenkjer vi – og kor farga av historia er vi – i tilnærminga vår til naboen i aust?
Lars Rowe, seniorforskar, Fridtjof Nansens Institutt (FNI), Noreg
Martin Kragh, leiar ved Ryssland- och Eurasienprogrammet vid Utrikespolitiska institutet (UI), Sverige
Flemming Splidsboel Hansen, forskingskoordinator ved Dansk Institut for Internasjonale Studier (DIIS), Danmark
Ordstyrar: Natalia Moen-Larsen, NUPI-forskar og redaktør for Nordisk Østforum.
Cappelen Damm serverer enkel frukost frå kl. 8 med programstart kl. 8.30. Arrangementet er gratis og ope for alle.
Nordisk Østforum dekkjer politisk, økonomisk og kulturell utvikling i Russland, Balkan, Aust-Europa og det postsovjetiske området.