Arrangement
Seks nye år med Putin – kva no?
Mens Putins to første presidentperiodar (2000-2004 og 2004-2008) var fokusert på økonomisk reform, med Putin som leiar over ein eineståande økonomisk vekst i Russland, har hans tredje periode (2012-2018) vore prega av konflikt med Vesten og kampen for å hevde Russlands rolle internasjonalt. Kva kan vi forvente frå Putin i hans fjerde – og i samsvar med grunnloven – siste periode? Vil han endå ein gong kunne gjenoppfinne seg sjølv? Kva blir prioriteringane hans? Og korleis vil spørsmålet om arvefølgja blir spelt ut? Til å diskutere desse spørsmåla har vi invitert fem leiande Russlandseksperter til å dele innsiktene sine.
Julie Wilhelmsen er seniorforskar på NUPI. Ho har doktorgrad i statsvitskap og arbeider med russisk utanriks- og tryggingspolitikk, radikalisering av islam i Eurasia og kritiske tryggingsstudiar.
Stephen Norris er professor i historie ved Miami University. Nokre av hans forskingsinteresser er russisk historie og nasjonalisme. Han har publisert ei rekkje artiklar og bøker om Russland, nasjonal identitet og propaganda.
Una Hakvåg er forskar ved Forsvarets forskingsinstitutts (FFI) russlandsprogram, og har forska på den russiske forsvarsøkonomien og våpenprogrammet i landet. Den faglege bakgrunnen hennar er i samfunnsvitskap, områdestudiar av Russland og Baltikum og russisk språk.
Geir Flikke er førsteamanuensis på ved Universitetet i Oslo på avdeling for Russland, Sentral-Europa og Balkan. Hans forskingsinteresser er russisk og ukrainsk politikk, historie, kultur og samfunn
Pål Kolstø er professor ved Universitetet i Oslo på avdeling for Russland, Sentral-Europa og Balkan. Hans forskingsinteresser er blant anna Russland, ikkje anerkjende statar, etniske konfliktar og nasjonalisme/nasjonsbygging.
Ordstyrar er seniorforskar og leiar for forskingsgruppa for Russland, Eurasia og Arktis, Helge Blakkisrud. Han forskar på utviklinga av russisk føderalisme og sentrums-periferi relasjonar med eit særleg fokus på utviklinga av institusjonen med regionale guvernørar.