Arrangement
Russlandskonferansen 2018: Kald fred i Arktis?
Arktis har lenge blitt sett på som ein region prega av internasjonalt samarbeid på både multilateralt og bilaterale nivå. Sjølv om forholdet mellom Russland og Vesten har blitt kraftig forverra etter krisa i Ukraina, meinte mange at arktisk samarbeid i stor grad kunne halde fram med å vere urørt.
Korleis påverkar dei forverra relasjonane mellom Vesten og Russland samarbeidet i Arktis? Vil samarbeidet også denne gongen kunne skjermast, eller går vi mot ei politisk nedkjøling i nord? Dette er nokre av spørsmåla som skal diskuterast på NUPIs årlege Russlandskonferanse, som i år blir halde 14. september på Litteraturhuset i Oslo.
På konferansen blir det også presenterte resultat frå det NFR-finansierte CANARCT-prosjektet, som har hatt som mål å kartleggje korleis dynamikken i forholdet mellom Russland og Vesten i kjølvatnet av Ukraina-konflikten påverkar samarbeidet mellom Russland og andre aktørar i Arktis.
PROGRAM:
08.30-09.00 | Registrering og kaffi |
09.00-09.10 | Opning ved NUPI-direktør Ulf Sverdrup |
09.10-10.10 | Paneldiskusjon 1: The Arctic as a domestic issue in Russia |
| Ordstyrar: Arild Moe (FNI) |
| Helge Blakkisrud (NUPI): Defining the Arctic the Russian way |
| Nina Poussenkova (IMEMO, Moskva): Russia's Arctic Energy |
| Dmitriy Tulupov (St Petersburg State University): The concept of “opornaya zona” in the Russian Arctic |
10.10-10.30 | Kaffipause |
10.30-11.45 | Paneldiskusjon 2: The Arctic as a meeting place |
| Ordstyrar: Anja Salo (Barentssekretariatet) |
| Aleksander Sergunin (St Petersburg State University): The Russian perspective |
| Kristian Lundby Gjerde (NUPI): Interaction Effects in the Arctic |
| Heather Conley (CSIS): The US perspective on the Arctic |
11.45-12.30 | Lunsj |
12.30-13.20 | Key note ved utanriksminister Ine Eriksen Søreide |
13.20-14.30 | Paneldiskusjon 3: Arctic Futures |
| Ordstyrar: Katarzyna Zysk (IFS) |
| Pavel Baev (PRIO): Hard security challenges in the Arctic |
| Konstantin Zaikov (Arctic Strategic Center, NARFU): The future of international cooperation in the Arctic: a view from the region |
| Jakub M. Godzimirski (NUPI): Arctic futures – three basic scenarios |