Arrangement
Russisk utanrikspolitikk som eit verktøy for innanrikspolitisk mobilisering
Trass i ei rekkje erklæringar om behovet for økonomisk modernisering, har russiske styresmakter dei siste åra vist få teikn til at dei aktar å gjennomføre innanrikspolitiske reformer. På den utanrikspolitiske scena er likevel styresmaktene svært aktive, og utanrikspolitikk og internasjonale relasjonar blir diskuterte aktivt av det heimlege publikummet.
Professor Irina Busygina har undersøkt samanhengen mellom russisk utanrikspolitikk og utsiktene for innanrikspolitisk reform. Ho meiner at det på overflata kan sjå ut som om den innanrikspolitiske dagsordenen har blitt skoven fullstendig til sidan til fordel for utanrikspolitiske mål. «I røyndommen speler likevel utanrikspolitikken ei viktig instrumentell rolle: det er det viktigaste verktøyet for nasjonal mobilisering. Fleire strategiar for innanrikspolitisk reformer har blitt utarbeidde etter ordre frå presidenten, men vektlegginga til den politiske eliten av utanrikspolitikk fører til at offentleg merksemd er retta mot denne, noko som gjer at ein kan utsetje nødvendige reformer.»
Irina Busygina er professor ved Institutt for anvend politikk, Nasjonalt forskingsuniversitet – Høgskulen for økonomi, St Petersburg, Russland
Ordstyrar er seniorforskar ved NUPI Julie Wilhelmsen.