Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Noreg i ei verd av mistillit – Arendalsuka 2018

Statsleiarar som ikkje stoler på kvarandre og ei befolkning som verken stoler på maktene sine, ekspertar eller presse. Tillit er i ferd med å bli ei mangelvare i verda.
13 august 2018
14:30 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Clarion Hotel Tyholmen, Kitchen & Table
Seminar

Temaer

  • Norsk

Arrangementet varer frå 14.30-16.30. Det er ikkje påmelding til dette arrangementet, så det kan vere lurt å vere ute i litt god tid for å sikre deg plass!

Ifølgje Pews' globale tillitsanalyse  meiner berre omtrent 14 prosent av befolkningane i 36 land at dei respektive regjeringane deira i stor grad handlar i den beste interessa i landet. Spesielt urovekkjande er svekkinga av tilliten til staten i dei landa som til no har vore pådrivarar for betre samarbeid omkring globale kriser.

Gjennom 2018 har NUPI hatt ein serie med samtalar om tillit med ekspertar frå ulike regionar i verda. Under Arendalsuka inviterer NUPI igjen til ein diskusjon om den globale mistillitskrisa og kva denne inneber for Noreg, denne gongen i samtale med utviklingsminister Nikolai Astrup, Anniken Huitfeldt og Bård Vegar Solhjell.

Vi spør:

Kva kan forklare den svekte tilliten internt i og mellom land?

Korleis blir mistilliten uttrykt, både i Noreg og andre land?

Kva betyr dette for Noreg, og for norsk utanrikspolitikk? Kan vi berre halde fram som før og ta gamle alliansemønster og geopolitiske skiljelinjer for gitt?

Samtalen blir leidd av seniorforskar Morten Bøås og forskingssjef Ole Jacob Sending frå NUPI, som vil trekkje på observasjonar om mistillit, geopolitikk i endring og moglegheiter for global styring.

Deltakere

Nikolai Astrup
Utviklingsminister (H)
Anniken Huitfeldt
Stortingsrepresentant (Ap) og leder for Utenriks- og forsvarskomiteen
Bård Vegar Solhjell
Generalsekretær, WWF Verdens Naturfond
Morten Bøås
Forsker I
Ole Jacob Sending
Forsker 1, leder for Senter for Geopolitikk
13 august 2018
14:30 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Clarion Hotel Tyholmen, Kitchen & Table
Seminar

Temaer

  • Norsk