Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Menneskerettar som tryggingspolitikk? OSSEs rolle i ei usikker verd

Spiller OSSE framleis ei viktig rolle for menneskerettar og samarbeid mellom land? Det skal utanriksminister Eriksen Søreide, ODIHR-direktør Gísladóttir og to andre ekspertar diskutere 19. april.
18 april 2018
17:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk og norsk
Kjerka, Domus Media Vest, Karl Johans gt. 47
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Engelsk og norsk

For å komme til lokalet må du bruke inngangen frå vestsida mot Frederiks gate, ved Aulakjelleren. Ta så heisen eller trappa opp til 2. etasje.

I dagens Europa blir utfordra menneskerettane, og klimaet for samarbeid med land som Russland er dårlegare enn på lang tid. Med dette som bakteppe skal fire bidragsytarar diskutere statusen til menneskerettane og betydninga deira for tryggingspolitiske spørsmål. Dei vil også diskutere spesifikke organisasjonars rolle (særleg OSSE) i dette, og korleis den internasjonale politiske situasjonen påverkar arbeidet for å fremje demokrati og menneskerettar. 

Dei fire er:

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H)

Direktør for OSCE Office for Democratic Institutions and Human Rights (ODIHR), Ingibjörg Sólrún Gísladóttir,

Generalsekretær i Helsingforskomiteen (NHC), Bjørn Engesland

Forskingssjef på Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), Ole Jacob Sending

Ordstyrar er UiO-professor Mads Andenæs.

Organisasjonen for Sikkerhet og Samarbeid i Europa (OSSE) blei etablert i 1975 i Helsingfors med formål om å unngå krig og konflikt i Europa. Dette skulle gjerast gjennom å skape ei plattform for strukturert dialog mellom NATO, Warszawapakten og nøytrale europeiske land. På toppmøtet i Paris 1990 erklærte OSSEs statsoverhovud at berre full respekt for menneskerettar, grunnleggjande fridommar og reelle demokratiske val og institusjonar kan gi varig fred, tryggleik og stabilitet i Europa.

Talere

Ine Eriksen Søreide
Utenriksminister
Ingibjörg Sólrún Gísladóttir
direktør, ODIHR
Bjørn Engesland
generalsekretær, Den norske Helsingforskomité
Ole Jacob Sending
Forsker 1, leder for Senter for Geopolitikk

Ordstyrer

Mads Andenæs
Professor, UiO
18 april 2018
17:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk og norsk
Kjerka, Domus Media Vest, Karl Johans gt. 47
Seminar

Temaer

  • Europa
  • Engelsk og norsk