Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Mali og Sahel – kunsten å finne balansen mellom tryggleik og utvikling

Ambassadør og tidlegare utanriksminister i Mali, Abdoulaye Diop, besøkjer NUPI for å diskutere balansen mellom tryggleik og utvikling i Mali og i Sahelregionen.
23 mai 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Afrika
  • Fredsoperasjoner
  • Humanitære spørsmål
  • Engelsk

Sahelregionen blir konfrontert med store utfordringar frå både innbyggjarane sine og det internasjonale samfunnet. Dette gjeld alt frå svake statar, transnasjonal kriminalitet og jihadistiske opprørarar, til fattigdom, flyktningar og mangel på utvikling. Det internasjonale samfunnet og Europa fryktar ei forverring av denne krisa, og regionen er høgare på den internasjonale dagsordenen enn han nokon gong har vore, med fleire internasjonale intervensjonar: av Frankrike (Operation Barkhane), frå FN (MINUSMA), og fleire EU-operasjonar (CIVCAP-Sahel og EUTM Mali). Trass i denne innsatsen og ferdigstillinga av ein fredsavtale for Mali i Algerie i 2015, har ikkje situasjonen på bakken betra seg, og i Mali har konflikten flytta seg frå nord til den sentrale regionen i landet.

Spørsmålet som skal diskuterast er om eksisterande tilnærmingar til desse utfordringane har den rette balansen mellom tryggleik og utvikling, og korleis balansen bør vere overfor eksterne aktørar og lokale behov i regionen.

Abdoulaye Diop jobbar som Special Advisor i African Capacity Building Foundation (ACBF) i Addis Ababa. Diop var før dette Malis utanriksminister, og var blant anna hovudforhandlar på vegner av den maliske regjeringa då Algiers Peace Accords blei skrive i 2015.

Seniorforskar ved NUPI Kari Osland er ordstyrar, og seniorforskar Morten Bøås vil komme med ein kommentar til Diops presentasjon.

Talere

Abdoulaye Diop
Ambassadør og tidligere utenriksminister i Mali
Morten Bøås
Forsker I
23 mai 2018
10:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Sikkerhetspolitikk
  • Afrika
  • Fredsoperasjoner
  • Humanitære spørsmål
  • Engelsk