Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Korleis slapp Kina unna fattigdomsfella?

Korleis endrar organisasjonar seg effektivt for å takle skiftande miljø? Yuen Yuen Ang ser på ein ny måte å tenkje rundt auka tilpassingsevne på, med døme frå Kina.
14 februar 2018
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Engelsk

Alle ønskjer ei effektiv tilpassing, men vi veit lite om forholda som mogleggjer tilpassing, og endå mindre, om og korleis slike forhold kan eksistere i autoritære regime.

I boka “How China Escaped the Poverty Trap” ser Yuen Yuen Ans på kva som ligg bak evne til tilpassing, med spesielt fokus på Kina. Ho introduserer eit rammeverk kalla «directed improviasation» - den paradoksale kombinasjonen av top-down og bottom-up-tilnærminger. I Kina viser dette systemet seg i partistaten: den sentrale leiinga «styrar» mens lokale autoritetar «improviserer». Dette har mogleggjort eit svært tilpassingsdyktig miljø for utvikling i den kinesiske overgangen frå planøkonomi til marknadsøkonomi.

Yuen Yuen Ang er Associate Professor i statsvitskap ved University of Michigan. Forskinga og undervisninga hennar ligg i skjeringspunktet for global utvikling, Kinas politiske økonomi, og adaptive prosessar for forandring. Boka «How China Escaped Poverty Trap» legg grunnlaget for Yuen Yuens forskingsdagsorden. Før ho starta ved University of Michigan , arbeidde ho på Columbia University SIPTE der ho underviste i politisk og økonomisk utvikling. Ho tok doktorgrada si ved Stanford University .

Ordstyrar er seniorforskar ved NUPI Cedric H. de Coning.

Taler

Yuen Yuen Ang
Associate Professor i statsvitenskap, University of Michigan
14 februar 2018
14:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Asia
  • Engelsk