Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Korleis har Trump skove Europa og Asia tettare saman?

Ein av dei uventa konsekvensane av president Trumps ubereknelege utanrikspolitikk har vore at Europa og Asia har blitt pressa tettare saman. Det seier Fraser Cameron som besøkjer NUPI 19 September.
18 september 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Nord-Amerika
  • EU
  • Engelsk

Trumps avgjerd om å skrote TPP-avtalen (Trans Pacific Partnership #agreement), trekkje seg ut av Parisavtalen og atomavtalen med Iran, angripe WTO, og introdusere tariffar for langvarige allierte har resultert i stor uvisse i Asia- og Stillehavsområdet. Det har ført til at Asia har blitt skoven tettare på Europa, ein konsekvens mange ser på som eit forsvar av eit regelbasert, multilateralt system. Japan har ferdigstilt ein stor frihandelsavtale med EU, og det har allereie blitt gjort avtalar med Korea, Singapore og Vietnam. Nye avtalar med Malaysia, Indonesia, Thailand, Australia og New Zealand er under forhandling. EU har bestemt å styrkje tryggingsforholda sine med Asia, og neste månad er det ASEM-samling i Brussel der Noreg også deltar som ein fullverdig medlem.

Kva er implikasjonane av Trumps politikk for det globale ordenen og forholdet mellom EU og Asia? Er det store nok likskapar mellom dei to kontinenta til å forsvare det multilaterale systemet? Korleis skal ein handtere Kina som har eit annleis verdisystem, og som har lansert eit massivt Belte og veg-initiativ? Korleis bør EU og Noreg svare på dette?

Det er dette Fraser Cameron skal snakke om når han gjestar NUPI. Han skal diskutere ulike moglegheiter for Europa i forholdet med Trump og Asia. Cameron er direktør ved EU-Asia Centre i Brussel, som er ei tankesmie som ønskjer å styrkje forholdet mellom EU og Asia.

Han er tidlegare rådgivar til Europakommisjonen og er ein velkjend analytikar og kommentator på EU og internasjonale saker. Han er gjesteforskar ved Hertie School og Governance i Berlin, St Andrews University, University of Auckland og seniorrådgivar ved European Policy Centre (EPC).

Cameron har både master og PhD frå Universities of St Andrews.

Ordstyrar er seniorforskar ved NUPI Pernille Rieker.

Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal:

Taler

Fraser Cameron
direktør, EU-Asia Centre
18 september 2018
09:00 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Asia
  • Nord-Amerika
  • EU
  • Engelsk