Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Islamistisk radikalisering i Europa

Professor Olivier Roy gjestar NUPI for å snakke om kva som karakteriserer og driv islamistisk radikalisering i mange europeiske samfunn.
16 april 2018
10:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Europa
  • Engelsk

Er vi vitne til ei radikalisering av islam, eller handlar det tvert imot om ei islamisering av dei radikale? Olivier Roy er ein viktig bidragsytar i denne debatten, og hevdar at fenomenet blir karakterisert av det sistnemnde. Han meiner at ein i europeiske samfunn i aukande grad har å gjere med ein generasjon unge, nihilistiske radikale på leiting etter noko å døy for.

Roy's forsking ser på dei sosiale prosessane som driv radikaliseringa, og analyserer blant anna forskjellane mellom relativt stabile europeiske samfunn og konfliktområde på tvers av Midtausten, frå Afghanistan til Mali. Roy meiner at mange av prosessane som driv radikalisering i Europa, skil seg frå andre staden i verda. Blant desse er det eit generasjonsskilje og ei kulturell kløft mellom andregenerasjons innvandrarar og foreldra deira. Dette er blant spørsmåla som blir tatte opp i dei to siste bøkene hans, Jihad and Death: The Global Appeal of the Islamic State og In search of the Lost Orient.

Olivier Roy er professor ved European University Institute i Firenze. Han har skrive ei rekkje bøker, blant anna Globalized Islam og Holy Ignorance. Hans seinaste utgiving, Jihad and Death: The Global Appeal of the Islamic State omhandlar mange av spørsmåla som vil bli diskuterte under seminaret.

Ordstyrar for arrangementet er seniorforskar på NUPI Tine Gade.

Dette seminaret blir arrangert av Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet og seminarserien Noreg møter Europa.

Taler

Olivier Roy
Professor, European University Institute, Firenze
16 april 2018
10:30 Europe/Oslo
Språk: Engelsk
NUPI
Seminar

Temaer

  • Terrorisme og ekstremisme
  • Europa
  • Engelsk