Hopp til innhold
NUPI skole

Arrangement

Frukostmøte: Kva skjer når felleskapet raknar?

Er vi på veg mot ein ny verdsorden der kynisk pragmatisme trumfar demokratiske verdiar?
06 november 2018
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Publikumsfoajeen, Nationaltheatret
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Nord-Amerika
  • Internasjonale organisasjoner
  • Norsk

OBS! Merk at dette arrangementet finn stad på Nationaltheatret. Frukost blir frå servert 07.30. Det faglege programmet startar 08.00 og blir avslutta 09.00.

I tiåra etter den kalde krigen har verda vore dominert av eit felles, vestleg og demokratisk verdisyn – med rot i fellesskapet som blei etablert under og etter andre verdskrigen. Dette har tent Noreg godt, og vi har vanskeleg for å førestille oss alternativ til denne verdsordenen.

Men denne ordenen verkar ikkje lenger sjølvsagt. Demokratiet er under press i land etter land, og stormakter som Kina og Russland tilbyr no andre løysingar, utan å bry seg om demokrati og menneskerettar. EU synest handlingslamma i møte med populisme og utmeldingar, og USA under Trump verkar uinteressert i det fellesskapet som har halde vesten saman i 75 år.

Står vi overfor ein kollaps i det vestlege verdisamhaldet? Korleis påverkar dette det europeiske fellesskapet? Og kva gjer det med dei mindre fellesskapa – både på nasjons- og individnivå? Kva må til for å attskape tilliten? Kan det i det heile reparerast?

Frukostmøte er eit samarbeid mellom Nationaltheatret og NUPI og er inspirert av framsyninga Sakna  Felleskap som går på Nationaltheatret desse dagar. Binda påmelding via Nationaltheatrets sider.

Paneldeltakere

Halvard Leira
Forskningssjef, Forsker I
Sten Inge jørgensen
Journalist, Morgenbladet
Mona-Iren Hauge
Forsker, Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress

Ordstyrer

Hilde Sandvik
Redaktør, Broen XYZ
06 november 2018
08:00 Europe/Oslo
Språk: Norsk
Publikumsfoajeen, Nationaltheatret
Seminar

Temaer

  • Utenrikspolitikk
  • Europa
  • Nord-Amerika
  • Internasjonale organisasjoner
  • Norsk