Arrangement
Det italienske valet og Europas framtid
4. mars går italienarane til valurnene. Utfallet av nasjonale val kan påverke både europeisk og internasjonal politikkutforming. Sjølv om internasjonale forpliktingar finst på fleire felte, som for klimaendringar, finans, økonomi og marknadsstabilitet, har nasjonal politikk framleis mykje å seie.
Speler lands politiske parti framleis ei rolle? Og har statane som er medlemmer i EU og ikkje-medlemmene, slik Noreg er, kapasitet og vilje til å samarbeide ordentleg?
Desse spørsmåla tar Lanfranco Fanti opp når han gjestar NUPI. Fanti er rådgivar i EU-kommisjonen. Han er også historikar, og ekspert på europeiske politiske parti, og dessutan leiar for Partito Democratico i Belgia.
Dette arrangementet er del av seminarserien vår Noreg møter Europa. Seminaret blir strøymt på YouTube-kanalen vår: