Arrangement
Brexit og framtida til europeisk og norsk tryggleik
Storbritannia er no midt i tøffe forhandlingar med EU-kommisjonen. Landet som husar omtrent ein femdel av EUs militære evne og som er ein av dei få NATO-medlemmene som er over to prosent-grensa, skaper med utmeldinga si av EU bekymringar over framtida for europeisk tryggleiks- og forsvarsintegrasjon. På toppen av eit såra transatlantisk forhold og eit forverra tryggingsmiljø står dei europeiske leiarane overfor det faktumet at åtti prosent av NATOs militære evne snart er utanfor EU.
Theresa May har roa dei europeiske kollegaene sine med Storbritannias uavhengige forplikting til eit vidare tryggingssamarbeid, men ho har også notert – kanskje som ein dårleg skjult trussel – betydninga av britisk etterretning for å sikre Europa. Mens EU bevegar seg mot ein djupare forsvars- og tryggingsintegrasjon, er Storbritannias rolle i tryggingslandskapet no i ubalanse. Vil britane bruke den militære innverknaden sin til å tvinge fram avtalar i dei pågåande forhandlingane?
Kva er dei viktigaste utfordringane for vidare samarbeid? Korleis påverkar Brexit utanriks- og tryggingspolitikken til land utanfor EU, til dømes i Noreg?
Steven Blockmans er professor i EU External Relations Law and Governance ved universitetet i Amsterdam og ein av grunnleggjarane av Centre for the Law of EU External Relations (CLEER). Blockmans er også seniorforskar ved Center for European Policy Studies.
Garvan Walshe er konsernsjef for Brexit Analytics og ein tidlegare nasjonal og internasjonal tryggingspolitisk rådgivar for Det konservative partiet i Storbritannia.
Øystein Bø er påtroppande norsk representant til det Det nordatlantiske rådet.
Ordstyrar er seniorforskar på NUPI Kristin Haugevik.
Arrangementet varer til ca. klokka 15.00, og blir direkte strøymd på NUPIs YouTube-kanal: