Arrangement
AVLYST: Romania i førarsetet mot eit sterkare EU
I ei tid der Europa står overfor vanskelege interne og eksterne utfordringar, er diskusjonar som korleis EU bør utvikle seg i hjartet av den europeiske dagsordenen. Forhandlingar om nytt EU-budsjett, ferdigstilling av BREXIT, måtar å fremje jobbar og vekst for alle på, og avgrensing av tryggingstruslar mot europeiske borgarar er berre nokre av temaa som Europas leiarar må ta stilling til i refleksjonsprosessen rundt EUs framtid.
Romania overtar formannskapet i Rådet for Den europeiske unionen i første halvdel av 2019, og landet vil då ha ei sentral rolle i å styre desse diskusjonane framover mot dei kommande EU-vala i mai neste år. Korleis kan EU best møte utfordringane, og kva er Romanias prioriteringar under presidentskapet? Korleis kan landet bidra til eit sterkare og meir samla Europa?
Det er dette Victor Negrescu skal snakke om når han besøkjer NUPI 21. september. Han har vore Minister Delegate for European Affairs sidan juni i fjor . Det kommande formannskapet blir ein av hovudoppgåvene hans som minister.
Negrescu er tidlegare medlem av Europaparlamentet (2014-2017). Han var også den yngste romanske folkevalde til Europaparlamentet og han var den yngste visepresidenten nokosinne av det sosialdemokratiske partiet i Romania (PSD). Han utdanna seg ved Faculty of Political Science of the University of Bucharest, har ein MBA I utøvande verksemd, ei mastergrad I internasjonale og europeiske studiar og ein PhD i utviklingssamarbeid.
Ordstyrar er NUPI-direktør Ulf Sverdrup.