Arrangement
AVLYST: Frukostseminar: Korleis forstå europeisk integrasjon?
Europeisk og global økonomisk integrasjon har ført til historisk høg økonomisk vekst og velstand i store delar av verda. Den har endra handlingsrom både for enkeltindivid, bedrifter, regionar og land og gitt nye moglegheiter for mange. På ei anna side har denne utviklinga også ført med seg utfordringar og problem som kan vere krevjande å handtere, og som ikkje er ønskjeleg for alle.
8. mai presenterer Ole Gunnar Austvik si splitter nye bok «Europeisk integrasjon. Økonomi og politikk» som ser på korleis integrasjonen i Europa fører til vekst, gjensidig avhengnad og omfordeling av inntekt og makt. Boka drøftar også korleis nasjonal politikk blir meir lik på tvers av land og påverkar handlingsrom for statar, bedrifter og personar. Særleg har Austvik sett på EU/Efta-området, med eit blikk på samspelet med den globale økonomien, og relasjonane til Russland.
Saman med UiO-professor Dag Harald Claes, skal Austvik diskutere dei viktigaste punkta i denne 480 siders store boka som er gitt ut på Universitetsforlaget.
Ole Gunnar Austvik er professor i politisk økonomi ved Høgskolen Innlandet - Lillehammer. Han er knytt til Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) og har arbeidd blant anna ved Handelshøyskolen BI og Statistisk sentralbyrå . Han er også utnemnd Senior Fellow ved Harvard Kennedy School.
Dag Harald Claes er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo . Hans forskingsinteresser er blant anna internasjonal politikk, internasjonal politisk økonomi (IPØ), internasjonale institusjonar og internasjonal energipolitikk.
Arrangementet blir strøymt direkte på NUPIs YouTube-kanal. Vi serverer frukost frå 08.00! Merk: heisane i bygget opnar ikkje før 08.00.
Det vil vere mogleg å kjøpe boka på arrangementet.