Arrangement
AVLYST: Arbeidsmarknaden for Syrias opprørskrigarar
Gjennom auga i arbeidsmarknaden undersøkjer Vera Mironova utviklinga av væpna grupperingar i Syria. Korleis er gruppene til rekruttering, lojalitet og gjennomtrekk?
Rekruttering: Korleis tiltrekkjer gruppene seg krigarar?
Lojalitet: Korleis er personalpolitikken?
Gjennomtrekk: Kva skjer når krigarane sluttar og gruppene blir oppløyste?
Forskinga baserer seg på intervju med 450 aktive og tidlegare krigarar, inkludert medlemmer av Ahrar al-Sham, Nusra-fronten og IS.
Dette seminaret blir arrangert i samarbeid med Konsortium for forsking på terrorisme og internasjonal kriminalitet.
Ver obs på at seminaret er på Blindern. Varer til klokka 13.30.
Vera Mironova forskar på internasjonal tryggleik ved Belfer Center på Harvard Kennedy School og har doktorgrad frå University of Maryland. Ho har gjort feltarbeid i aktive konfliktområde i blant anna Jemen, Irak, Ukraina og Palestina, i post-konfliktområde på Balkan, deler av Afrika, Sentral-Asia og i Kaukasus. Frå 2016-17 var ho tilknytta dei irakiske spesialstyrkane under Mosul-operasjonen. Mironova har publisert arbeid og vore omtalt i New York Times, Foreign Policy, BBC, Boston Globe og Washington Post i tillegg til ei rekkje akademiske tidsskrift.
Ordstyrar er seniorforskar ved FFI, Thomas Hegghammer.